Eidfjord (tettstad): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Robot: Erstatter mal: WP-artikkel) |
||
Linje 8: | Linje 8: | ||
== Kjelder og litteratur == | == Kjelder og litteratur == | ||
* | *[https://nn.wikipedia.org/wiki/Eidfjord «Eidfjord»], Wikipedia | ||
*{{SSB Tettsteder 2016}} | *{{SSB Tettsteder 2016}} | ||
Nåværende revisjon fra 26. apr. 2024 kl. 11:08
Eidfjord er kommunesenteret og den einaste tettstaden i Eidfjord kommune. Staden ligg der elva Eio renn ut i Eidfjorden, som er den inste delen av Hardangerfjorden. Staden kallast òg Nedre Eidfjord for å skilje han frå tettbebyggelsen Øvre Eidfjord ved Eidfjordvatnet. Tettstaden har 539 innbyggjarar (2016); det utgjer om lag 60 % av folketalet i kommunen.
Staden har i mange hundre år vore sentrum i bygda. Her ligg mellom anna Eidfjord gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå 1300-tallet. Ho vart i 1981 avløyst av Eidjord kyrkje. Dei andre offentlege institusjonane i tettstaden Eidfjord er rådhuset, omsorgssenteret Bygdaheimen, Modnen barnehage og Lægreid skule, som er den einaste skulen i kommunen.
Tettstaden har òg fleire butikkar, hotell og bryggje. Her legg mellom anna cruisebåtane til. Eidfjord har lange tradisjonar som turiststad, mellom anna som innfallsport til Vøringsfossen.
Kjelder og litteratur
- «Eidfjord», Wikipedia
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.