Eivind Besteland: Forskjell mellom sideversjoner
(Fotnotar) |
(Kategoriar) |
||
Linje 15: | Linje 15: | ||
* Kyrkjeboka. [http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060601010103.jpg Lenke] til [[digitalarkivet]]. | * Kyrkjeboka. [http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060601010103.jpg Lenke] til [[digitalarkivet]]. | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Fødsler i 1901]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1958]] | |||
[[Kategori:Vinje kommune]] | [[Kategori:Vinje kommune]] | ||
[[Kategori:Rauland]] | [[Kategori:Rauland]] |
Sideversjonen fra 25. apr. 2017 kl. 15:15
Eivind Besteland (født 20.12.1901 i Hylestad, Setesdal, død 1958 på Sandvoll i Bø.) var både gull- og sylvsmed. Han produserte m.a. bunadssylv til Telemarksbunaden.
Eivind var son av bygningssnikkar Toralv Halvorsen (f. 1858) og Ingebjørg Tarjeisdotter (f. Upstad, 1864). Han gjekk i lære hjå Gunnar A. Hellie i Setesdal frå 1918. Der tok han forskjellige teoretiske og praktiske kurs i faget. I 1919 starta han sitt eige firma, og i 1924 tok han dette med seg til Rauland i Telemark der han arbeidde som sylvsmed.[1]
Eivind laga alt i filigransarbeid – særleg bunadssylv i Telemarksstil. Elles arbeidde han mykje med rosegravering og platearbeid i sylv. I 1950 flutte han til Holtan i Helgja, og i 1952[2] til Sandvoll i Bø i Telemark. Der heldt han fram smedarbeidet, og laga både bunadskroner og sylvbelte til Telemarksbunaden. Stilmessig bygde han på tradisjonane frå Mandt-smedane, Anund Brekketo og Eivind Tveiten. Han var med å stifte Bø og Lunde Håndverksforening i 1954, der han sjølv var styremedlem. Han vart tildelt 2. premie i sylvarbeid under utstillinga i Seljord.
Eivind vart gift med Sigrid Tveiti i 1923, og saman fekk dei to søner og tre døtrar. Den eine sonen, Toralv Besteland, vart sylvsmed som faren.
Kjelder
- Johs. Sætherskar (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 859-860. Digital utgåve på bokhylla.
- Helge Riis, Norges Håndverksmestere, bind 2, Stavanger, s. 1085, Digital utgåve på bokhylla.
- Stian Henneseid, Bø-Soga II, Bø, 1972. Digital utgåve på bokhylla.
- Kyrkjeboka. Lenke til digitalarkivet.