Toralv Besteland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Toralv Besteland (fødd 4. august, 1924, død 7. mars 1997) var utdanna gullsmedmeister, og spesialiserte seg i bunadssylv. Han heldt til i Bø i Telemark. Han var son av gull- og sylvsmeden Eivind Besteland.
Historikk
Toralv starta gullsmedforretning med verkstad i Møbelhallen i Bø i 1952. I 1957 flytta han forretninga med verkstad inn i huset til Harald Strand. I 1961 kjøpte han ei tomt frå advokat Sigmundstad i Bøgata 76 (Gnr. 53/1/70), og i 1961/1962 sette han opp eit hus der fyrste etasje vart nytta som smykkeforretning og verkstad.[1]
Arkiv
Det eksisterer eit arkiv etter Toralv Besteland ved Bø Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.
Referansar
- ↑ Henneseid, 1982, s. 714. I fylgje Kvaalen, 1981, s. 67 vart huset bygd i 1962/1963.
Kjelder
- Henneseid, Stian, Bø-soga II: Telemark: Gards- og ættesoga, Band 1. Bø, 1982. Digital utgåve på bokhylla.
- Kvaalen, Olav, Bø i Telemark: jubileumskrift: Bø papir og trykk, 1941-1981, Bø, 1981. Digital utgåve på bokhylla.
Eksterne lenker
- Oppslag i Arbeiderbladet 16. august 1966. Digital utgåve på bokhylla.