Eivind Besteland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Besteland.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Eivind Besteland (fødd 20. desember 1901 på Øvre Besteland i Hylestad i Setesdal, død 7. november 1958 på Sandvoll i ) var både gull- og sylvsmed. Han produserte mellom anna bunadssylv til Telemarksbunaden.

Eivind var son av bygningssnikkar Toralv Halvorsen (f. 1858) og Ingebjørg Tarjeisdotter (f. Upstad, 1864). Han gjekk i lære hjå Gunnar A. Helle i Setesdal frå 1918. Der tok han forskjellige teoretiske og praktiske kurs i faget. I 1919 starta han sitt eige firma, og i 1924 tok han dette med seg til Rauland i Telemark der han arbeidde som sylvsmed.[1]

Eivind Besteland laga alt i filigransarbeid – særleg bunadssylv i Telemarksstil. Elles arbeidde han mykje med rosegravering og platearbeid i sylv. I 1950 flutte han til Holtan i Helgja, og i 1952[2] til Sandvoll i Bø i Telemark. Der heldt han fram smedarbeidet, og laga både bunadskroner og sylvbelte til Telemarksbunaden. Stilmessig bygde han på tradisjonane frå Mandt-smedane, Anund Brekketo og Eivind Tveiten. Han var med å stifte Bø og Lunde Håndverksforening i 1954, der han sjølv var styremedlem. Han vart tildelt 2. premie i sylvarbeid under utstillinga i Seljord.

Eivind vart gift med Sigrid Tveiti i 1923, og saman fekk dei to søner og tre døtrar. Den eine sonen, Toralv Besteland, vart sylvsmed som faren.

Alle redskapa hans er i sylvsmedverkstaden på museet på Eidsborg.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 859. (I Henneseid, 1972 står det at Gunnar flutte til Rauland i 1922.)
  2. Sætherskar, 1949, s. 859. (Henneseid, 1972 meiner Eivind flutte til Sandvoll i 1953.)

Kjelder