Eivind Besteland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. apr. 2017 kl. 14:47 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0862 1.jpg|Eivind Besteland.|Johs. Sætherskar, ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.}} '''Eivind Besteland''' (fød...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Besteland.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Eivind Besteland (født 20.12.1901 i Hylestad, Setesdal, død 1958 på Sandvoll i .) var både gull- og sylvsmed. Han var produserte m.a. bunadssylv til Telemarksbunaden.

Eivind var son av bygningssnikkar Toralv Halvorsen (f. 1858) og Ingebjørg Tarjeisdotter (f. Upstad, 1864). Han gjekk i lære hjå Gunnar A. Hellie i Setesdal frå 1918. Der tok han forskjellige teoretiske og praktiske kurs i faget. I 1919 starta han sitt eige firma, og i 1924 tok han dette med seg til Rauland i Telemark der han arbeidde som sylvsmed.

Eivind laga alt i filigransarbeid – særleg bunadssylv i Telemarksstil. Elles arbeidde han mykje med rosegravering og platearbeid i sylv. I 1950 flutte han til Holtan i Helgja, og i 1952 til Sandvoll i Bø i Telemark. Der heldt han fram smedarbeidet, og laga både bunadskroner og sylvbelte til Telemarksbunaden. Stilmessig bygde han på tradisjonane frå Mandt-smedane, Anund Brekketo og Eivind Tveiten. Han var med å stifte Bø og Lunde Håndverksforening i 1954, der han sjølv var styremedlem. Han vart tildelt 2. premie i sylvarbeid under utstillinga i Seljord.

Eivind vart gift med Sigrid Tveiti i 1923, og saman fekk dei to søner og tre døtrar. Den eine sonen, Toralv Besteland, vart sylvsmed som faren.

Kjelder