Eivind Besteland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. apr. 2017 kl. 15:15 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Kategoriar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Besteland.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Eivind Besteland (født 20.12.1901 i Hylestad, Setesdal, død 1958 på Sandvoll i .) var både gull- og sylvsmed. Han produserte m.a. bunadssylv til Telemarksbunaden.

Eivind var son av bygningssnikkar Toralv Halvorsen (f. 1858) og Ingebjørg Tarjeisdotter (f. Upstad, 1864). Han gjekk i lære hjå Gunnar A. Hellie i Setesdal frå 1918. Der tok han forskjellige teoretiske og praktiske kurs i faget. I 1919 starta han sitt eige firma, og i 1924 tok han dette med seg til Rauland i Telemark der han arbeidde som sylvsmed.[1]

Eivind laga alt i filigransarbeid – særleg bunadssylv i Telemarksstil. Elles arbeidde han mykje med rosegravering og platearbeid i sylv. I 1950 flutte han til Holtan i Helgja, og i 1952[2] til Sandvoll i Bø i Telemark. Der heldt han fram smedarbeidet, og laga både bunadskroner og sylvbelte til Telemarksbunaden. Stilmessig bygde han på tradisjonane frå Mandt-smedane, Anund Brekketo og Eivind Tveiten. Han var med å stifte Bø og Lunde Håndverksforening i 1954, der han sjølv var styremedlem. Han vart tildelt 2. premie i sylvarbeid under utstillinga i Seljord.

Eivind vart gift med Sigrid Tveiti i 1923, og saman fekk dei to søner og tre døtrar. Den eine sonen, Toralv Besteland, vart sylvsmed som faren.

Kjelder

  1. Sætherskar, 1949, s. 859. (I Henneseid, 1972 står det at Gunnar flutte til Rauland i 1922.)
  2. Sætherskar, 1949, s. 859. (Henneseid, 1972 meiner Eivind flutte til Sandvoll i 1953.)