Engevik Gaard

Sideversjon per 25. jun. 2019 kl. 12:11 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Engevik gaard.jpg|Engevik Gaard i Fusa kommune, slik gården fremstår i dag.|Foto: Knut Rage, 2019}}'''Engevik Gaard''' er ein embetsmannsgard ved Sævareid i Fusa kommune…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Engevik Gaard er ein embetsmannsgard ved Sævareid i Fusa kommune i Hordaland som er open for publikum (sjå nettstaden deira for opplysningar om opningstider).

Engevik Gaard i Fusa kommune, slik gården fremstår i dag.
Foto: Foto: Knut Rage, 2019

Garden vart kjøpt i 1723 av oberstløytnant Christian Wilhelm Segelcke (1682-1763) som budde her medan han hadde kommandoen over det nordre Søndhordlandske Compagnie. Seinare vart han utnemnd til generalmajor og tenestegjorde i København, og var såleis vekke frå garden Engevik i lange periodar. Segelcke bygde sitt tun nord for det eldre tunet, og oppførte eit påkosta hovudhus. Etter hans død overtok sonen, major Hartvig Carl Philip Segelcke (1731-1764) eigedomen, men budde der ikkje sjølv, ettersom han vart utnemd til kommandant på Vardøhus festning. I 1769 vart hovudbygningen råka av brann. Året etter vart det oppført eit nytt hovudhus i Bergensklassisisme med halvhvalm, som er den bygningen som står i dag.

Den neste eigaren var løytnant Knud Nyegaard ((1759 - 1841) ), lensmannsson frå Takvam i Haus, som vart gift med dotter til major Segelcke. Det var i hans tid at tunet fekk den forma det har i dag. Hovudbygningen har sin bakgrunn i byens sosiale miljø, med ein symmetrisk barokkhage omgjeven av eit kvitmåla stakittgjerde, medan dei øvrige bygningane på garden følgde byggeskikken på landsbygda: stabbur, eldhus, borgstove, smie, skykkje, sjøhus og naust.

Engevik Gaard er tildelt utmerkinga Olavsrosa av Norsk Kulturarv.

Kjelder