Ersvik (Aure): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 2: | Linje 2: | ||
målform=nn| | målform=nn| | ||
navn=Ersvik| | navn=Ersvik| | ||
type = matrikkelgard| | |||
kommune=[[Aure kommune|Aure]]| | kommune=[[Aure kommune|Aure]]| | ||
fylke=[[Møre og Romsdal]]| | fylke=[[Møre og Romsdal]]| |
Sideversjonen fra 29. apr. 2019 kl. 10:25
Ersvik | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 201 |
Type: | matrikkelgard |
Postnummer: | 6590 |
Ersvik (uttale /'e:rsvi:ça/ (Mal:NA), /'e:rsvi:çen/ (Mal:D); slektsnamnet blir oftast uttala /'ærs:vi.k) er ein matrikkelgard på innersida av øya Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Garden grensar til Hals i aust og Sør-Halsnes i vest. Fjellvaldet går opp til skardet mot Gullsteinsdalen.
Namnet Ersvik
Gardsnamnet er skrive Eriisuig (1559), Erißuigh (1590), Erßuiig (1643), Erridsvig (1723) og Erritsvig (1817). Ein skrivemåte som antydar ein k-lyd finst i Erichwigen (1667), og Oluf Rygh tolkar da òg namnet som ei samansetjing med mannsnamnet Eirikr. Vika og gammeltunet på garden er særprega ved at dei ligg inntil ein åsrygg og eit høgdedrag mot nordvest som gjev ly, men òg lokal ettermiddagsskygge. Om dette er namnegrunnlaget, så kjem førsteleddet heller frå sørsamisk aereds- (utt. /æ:reds-/), jf. aeredsbahkoe, ‘morgonbakke, bakke med ettermiddagsskygge’ , noko som passar godt med fire av dei fem eldste skrivemåtane av namnet, deriblant alle dei tre frå føre 1667.
Kjelder
- Faktaark fra Kartverket