Fåberg (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2010 kl. 11:53 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Fåberg''' er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på a…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla.

Grenda har to matrikkelgardar, Fåberg nedre (grn. 204) og Fåberg Øvre (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i Faaberg, Pouell og Halffuor, og dei skulle betale like mykje i skatt.[1]

I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.[2], men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596. I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i Faaberg og Foeberig, som før med jamstor skyld.[3] I matrikkelen frå 1660-åra har Nedre Faaberg (nr. 15) og Øffre Faaberg (nr. 16) kvart sitt løpenummer.

Notar

  1. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  2. Øyane 1994, s. 687
  3. Matrikkelen 1647 for Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747.(digital utgåve, NBdigital)