Fåberg (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2010 kl. 13:28 av Kallrustad (samtale | bidrag) (pirk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla.

Utttala er /få:bærg/, og tydinga av førelekken «Få-» er uviss. Oluf Rygh spekulerer i om det kan ha å gjere med det gno. fóð som er nytta i namn på elvar som dannar ei grense, men det høver dårleg med topografien.[1]

Grenda har to matrikkelgardar, Nedre (gnr. 204) og Øvre Fåberg (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i Faaberg, Pouell og Halffuor, og dei skulle betale like mykje i skatt.[2]

I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.[3], men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596. I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i Faaberg og Foeberig, som før med jamstor skyld.[4] I matrikkelen frå 1660-åra har Nedre Faaberg (nr. 15) og Øffre Faaberg (nr. 16) kvart sitt løpenummer.

Notar

  1. «Faaberg» i Norske Gaardnavne, jf. Øyane 1994, s. 171
  2. Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
  3. Øyane 1994, s. 687
  4. Matrikkelen 1647 for Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747.(digital utgåve, NBdigital)
  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)