Fønixhuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jul. 2011 kl. 11:29 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Fønixhuset held til i lokala til tidlegare Fønix konfeksjonsfabrikk i kommunesenteret i Sykkylven. Huset er drive av frivillige, saman med Sykkylven Frivilligsentral. Det ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fønixhuset held til i lokala til tidlegare Fønix konfeksjonsfabrikk i kommunesenteret i Sykkylven. Huset er drive av frivillige, saman med Sykkylven Frivilligsentral. Det skal vere eit allaktivitetshus der det kvar dag er ope for alle slags menneske som vil drive med ulike aktivitetar, eller berre setje seg ned med ein kopp kaffi og prate.

Fønixhuset vart opna i mai 2007. Då stod det fram som ein fugl Fønix etter å ha tent som lager i fleire tiår. Bygget var i utgangspunktet tilhaldsstad for konfeksjonsfabrikken Fønix som vart starta av Ole T. Lied i 1911. Fabrikkdrifta vart lagt ned i 1957.

Kjelde

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven