Far etter fedrane

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. jan. 2010 kl. 09:12 av Knut (samtale | bidrag) (Ny side: '''''Far etter fedrane''''' er tittelen på to bøker utgitt av lokalhistorikaren Reidar Svare. *Den første boka vart utgitt i Mosjøen av Vefsn historielag i 1950 og inneheld…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Far etter fedrane er tittelen på to bøker utgitt av lokalhistorikaren Reidar Svare.

  • Den første boka vart utgitt i Mosjøen av Vefsn historielag i 1950 og inneheld folkeminne innsamla i Vefsn. Boka har eit føreord skrive av Knut Liestøl.
  • Den andre boka vart utgitt same staden i 1967, med tittelen Sett og sagt : Far etter fedrane, II. Denne boka inneheldt og folkeminnestoff, og hadde føreord skrive av professor Svale Solheim.

Far etter fedrane er òg namnet på årboka Vefsn museum gir ut. Museet valde namnet for å heidre Reidar Svare for innsatsen han gjorde som folkeminnesamlar. Årboka er kommen ut kvart år sidan 1987-boka. Bøkene har blitt nummererte slik at 2008-boka kom ut hausten 2007, men frå og med Far etter fedrane 2009B som kom ut hausten 2009, er nummereringa endra til å følgje utgivingsåret.

Bakgrunnsstoff


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Far etter fedrane» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.