Fedje og folket/Kjelder: Forskjell mellom sideversjoner

korr.
Ingen redigeringsforklaring
(korr.)
Linje 1: Linje 1:
{{TOC right}}
{{TOC right}}
== Kyrkjebøker ==
== Kyrkjebøker ==
Kyrkjebøkene er ei sentral kjelde i arbeidet med slektssoga. Fedje hører til Lindås prestegjeld, og her byrjar kyrkjebøkene i 1699. Fram til 1740 er det berre dåp som er innført. Frå 1740 vert bøkene fullstendige, med både dåp, truloving/vigsel og gravferd. På 1700-talet er dåpsinnførsla oftast knapp, namnet på barnet er sjølvsagt med, samt fornamnet til faren og bustaden (garden). Namnet til mora manglar som regel, og også farsnamnet til faren. Dette gjer at det har ikkje alltid vore like lett å setja saman familiane, spesielt før vigselsprotokollen startar. Derimot har presten vore nøye med å føra opp alle fadrane. Desse innførslane kan gje viktig informasjon når andre kjelder er mangelfulle. Det er ein del dødsinnførslar som manglar fram mot 1800. Når det gjeld alder ved dødsfalla til eldre personar, vert den særs ofte oppgjeven ein 10 til 15 år for høg. Dette heng truleg saman med at det var «status» å ha ein høg alder, og derfor tok ein i litt ekstra. Den avdøde kunne jo heilar ikkje spørjast, dersom det var tvil om alderen. I perioden frå 1740 til 1792 har presten delt inn kyrkjebøkene i eigne avsnitt for kvart sokn, slik at t.d. Fedje har fått eigne bolkar. Frå 1792 til 1815 er bøkene førte kronologisk med heile prestegjeldet samla. Gardsnamnet er heile tida oppgjeve, så det har vore greitt å firma dei personane som hører til Fedje. Frå 1816 og framover er bøkene førte i faste skjema, med eigne rubrikkar for dåp, konfirmasjon, vigsel, død mv. Men bøkene er framleis felles for heile prestegjeldet. Først frå 1886 får sokna sine eigne kyrkjebøker. Frå då av har Fedje sin eigen serie med kyrkje- og klokkarbøker. For å fanga opp mest mogleg opplysningar om dei som flytta til og frå Fedje, har det vore naudsynt å gå igjennom kyrkjebøkene også for dei andre sokna i Lindås prestegjeld. Det same gjeld for kyrkjebøkene til dei næraste prestegjelda, Gulen og Manger. Det siste omfatta tidlegare det det meste av Øygarden i tillegg til Radøy. Også frå kyrkjebøkene for Bergen er det henta mange opplysningar. Dei er dataregistrerte fram til 1911, og ein har frå Statsarkivet fått utskrifter over gifte og døde personar med fødestad Fedje eller Lindås. Vigselsprotokollane for prestegjelda i Bergen etter 1912 er gjennomgåtte så langt dei har vore tilgjengelege. Også andre kyrkjebøker er brukte for å firma nøyaktige fødselsdata mv. for innflyttarane til Fedje. Dei fleste kyrkjebøker fram til om lag 1920 er mikrofilma.  
Kyrkjebøkene er ei sentral kjelde i arbeidet med slektssoga. Fedje hører til Lindås prestegjeld, og her byrjar kyrkjebøkene i 1699. Fram til 1740 er det berre dåp som er innført. Frå 1740 vert bøkene fullstendige, med både dåp, truloving/vigsel og gravferd. På 1700-talet er dåpsinnførsla oftast knapp, namnet på barnet er sjølvsagt med, samt fornamnet til faren og bustaden (garden). Namnet til mora manglar som regel, og også farsnamnet til faren. Dette gjer at det har ikkje alltid vore like lett å setja saman familiane, spesielt før vigselsprotokollen startar. Derimot har presten vore nøye med å føra opp alle fadrane. Desse innførslane kan gje viktig informasjon når andre kjelder er mangelfulle. Det er ein del dødsinnførslar som manglar fram mot 1800. Når det gjeld alder ved dødsfalla til eldre personar, vert den særs ofte oppgjeven ein 10 til 15 år for høg. Dette heng truleg saman med at det var «status» å ha ein høg alder, og derfor tok ein i litt ekstra. Den avdøde kunne jo heilar ikkje spørjast, dersom det var tvil om alderen. I perioden frå 1740 til 1792 har presten delt inn kyrkjebøkene i eigne avsnitt for kvart sokn, slik at t.d. Fedje har fått eigne bolkar. Frå 1792 til 1815 er bøkene førte kronologisk med heile prestegjeldet samla. Gardsnamnet er heile tida oppgjeve, så det har vore greitt å firma dei personane som hører til Fedje. Frå 1816 og framover er bøkene førte i faste skjema, med eigne rubrikkar for dåp, konfirmasjon, vigsel, død mv. Men bøkene er framleis felles for heile prestegjeldet. Først frå 1886 får sokna sine eigne kyrkjebøker. Frå då av har Fedje sin eigen serie med kyrkje- og klokkarbøker. For å fanga opp mest mogleg opplysningar om dei som flytta til og frå Fedje, har det vore naudsynt å gå igjennom kyrkjebøkene også for dei andre sokna i Lindås prestegjeld. Det same gjeld for kyrkjebøkene til dei næraste prestegjelda, Gulen og Manger. Det siste omfatta tidlegare det meste av Øygarden i tillegg til Radøy. Også frå kyrkjebøkene for Bergen er det henta mange opplysningar. Dei er dataregistrerte fram til 1911, og ein har frå Statsarkivet fått utskrifter over gifte og døde personar med fødestad Fedje eller Lindås. Vigselsprotokollane for prestegjelda i Bergen etter 1912 er gjennomgåtte så langt dei har vore tilgjengelege. Også andre kyrkjebøker er brukte for å firma nøyaktige fødselsdata mv. for innflyttarane til Fedje. Dei fleste kyrkjebøker fram til om lag 1920 er mikrofilma.  


== Skifteprotokollar ==
== Skifteprotokollar ==
Veiledere, Administratorer
173 724

redigeringer