Fembøring: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:


Opphavet til namnet ''fembøring'' er uvisst. Blant hypotesane kan nemnast at ''børing'' har vorte sett i samband med både ''bord'' og ''bør'' og at ''fem'' kan vise til enten talordet 5 eller eit likelydande ord med anna tyding. Kor som er, så er det trulig samband mellom ordet ''fembøring'' og ordet ''[[sambøring]]'' som vi finn i eldre kjelder frå [[Møre]]kysten.
Opphavet til namnet ''fembøring'' er uvisst. Blant hypotesane kan nemnast at ''børing'' har vorte sett i samband med både ''bord'' og ''bør'' og at ''fem'' kan vise til enten talordet 5 eller eit likelydande ord med anna tyding. Kor som er, så er det trulig samband mellom ordet ''fembøring'' og ordet ''[[sambøring]]'' som vi finn i eldre kjelder frå [[Møre]]kysten.
== Bildegalleri ==
<gallery>
Fil:Siglurd.jpg|Åfjordsfembøringen [[Siglurð]], bygd 1980 av Olaf Mølslett i Åfjorden og kjøpt av Jøa kystlag i 1984. {{byline|ukjent (Jøa kystlag)}}
Fil:Heggvin.JPG|[[Heggvin (Fembøring 1998)|Heggvin]]. {{byline|Per Hillesund|2009}}
Fil:Vagar 50.jpg|[[Vågar (Fembøring 1998)|Vågar]]. {{byline|}}
</gallery>


[[kategori:nordlandsbåter]]
[[kategori:nordlandsbåter]]

Sideversjonen fra 1. sep. 2015 kl. 14:49

Ein fembøring utstilt utanfor Nordlandsmuseet i Bodø ca. 1978.
Foto: Olve Utne

Ein fembøring (Mal:Nyn./Mal:Bokm.; trulig frå Mal:Norr. byrðingr og burde kanskje helst vore skrive fembørding) er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsaklig er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Norge. Fembøringane blir tradisjonelt bygd enten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet. Dei største åfjords-storfembøringane var kring 52 fot og vart spesialbygd for lofotfisket; dei vart følgelig kalla lofotbåtar.

Opphavet til namnet fembøring er uvisst. Blant hypotesane kan nemnast at børing har vorte sett i samband med både bord og bør og at fem kan vise til enten talordet 5 eller eit likelydande ord med anna tyding. Kor som er, så er det trulig samband mellom ordet fembøring og ordet sambøring som vi finn i eldre kjelder frå Mørekysten.

Bildegalleri