Fembøring: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 17: | Linje 17: | ||
[[Kategori:fembøringer]] | [[Kategori:fembøringer]] | ||
{{f1}} | {{f1}} | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 28. jan. 2016 kl. 21:27
Ein fembøring (Mal:Nyn./Mal:Bokm.; trulig frå Mal:Norr. byrðingr og burde kanskje helst vore skrive fembørding) er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsaklig er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Norge. Fembøringane blir tradisjonelt bygd enten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet. Dei største åfjords-storfembøringane var kring 52 fot og vart spesialbygd for lofotfisket; dei vart følgelig kalla lofotbåtar.
Opphavet til namnet fembøring er uvisst. Blant hypotesane kan nemnast at børing har vorte sett i samband med både bord og bør og at fem kan vise til enten talordet 5 eller eit likelydande ord med anna tyding. Kor som er, så er det trulig samband mellom ordet fembøring og ordet sambøring som vi finn i eldre kjelder frå Mørekysten.