Ferdselsvegen i Uggdalsdalen: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 7: | Linje 7: | ||
Vegen har vore tolka som ein prosesjonsveg, og må sjåast i samanheng med dei store gravfelta i dalen og [[Lundo på Myklestad]] like i nærleiken, som igjen kan sjåast i samanheng med [[Vevatn]] og det gamle [[Njardarlog]] som ein sentral lokalitet for gudedyrking i [[Sunnhordland]]. I ein arkeologisk rapport vert det antyda ei tidfesting til ca. [[romertid]] eller folkevandringstida. <ref>Kulturseksjonen, Hordaland fylkeskommune. Rapport frå utgravingar av røys 1 og 2 i Uggdalsdalen, Uggdal gnr. 69, bnr.13, Tysnes kommune.</ref>. Vegen må ha vore i bruk då gravfeltet vart anlagt. | Vegen har vore tolka som ein prosesjonsveg, og må sjåast i samanheng med dei store gravfelta i dalen og [[Lundo på Myklestad]] like i nærleiken, som igjen kan sjåast i samanheng med [[Vevatn]] og det gamle [[Njardarlog]] som ein sentral lokalitet for gudedyrking i [[Sunnhordland]]. I ein arkeologisk rapport vert det antyda ei tidfesting til ca. [[romertid]] eller folkevandringstida. <ref>Kulturseksjonen, Hordaland fylkeskommune. Rapport frå utgravingar av røys 1 og 2 i Uggdalsdalen, Uggdal gnr. 69, bnr.13, Tysnes kommune.</ref>. Vegen må ha vore i bruk då gravfeltet vart anlagt. | ||
Vegen var i bruk som vanleg | Vegen var i bruk som vanleg ferdselsveg mellom Onarheim og Uggdal fram til den noverande vegen vart anlagt ved hundreårsskiftet 1900. | ||
== Referansar == | == Referansar == |
Sideversjonen fra 26. jun. 2017 kl. 16:25
I Uggdalsdalen, ved kommunesenteret i Uggdal i Tysnes kommune, er det registrert ein veg som truleg er ein av dei aller eldste kjende vegane i Noreg. Vegen er frå førhistorisk tid og har vore del av ferdselsvegen gjennom dalen mellom Uggdal og Onarheim. Vegen er framleis synleg fleire stader.
I elva som renn gjennom dalen er det steinar som har vore nytta som vad. I det same området er det også ei langhustuft frå folkevandringstida og restar av ein geil saman med grav- og rydningsrøyser, omlag tjue i talet. Dei fleste røysene er 5-7 m i tverrmål, to er om lag 10 m og ein er 17 m i tverrmål. På sjølve Uggdalsvollane finn me ein endå større gravflokk. Elva gjer her ein sving mot sørvest og gravene ligg på neset, omlag førti i talet. Truleg har dette vore ein gammal gravstad for bygda, kanskje knytta til heidensk gudedyrking. [1]Vegen må ha vore i bruk då gravfeltet vart anlagt.
Vegen har vore tolka som ein prosesjonsveg, og må sjåast i samanheng med dei store gravfelta i dalen og Lundo på Myklestad like i nærleiken, som igjen kan sjåast i samanheng med Vevatn og det gamle Njardarlog som ein sentral lokalitet for gudedyrking i Sunnhordland. I ein arkeologisk rapport vert det antyda ei tidfesting til ca. romertid eller folkevandringstida. [2]. Vegen må ha vore i bruk då gravfeltet vart anlagt.
Vegen var i bruk som vanleg ferdselsveg mellom Onarheim og Uggdal fram til den noverande vegen vart anlagt ved hundreårsskiftet 1900.
Referansar
Litteratur og kjelder
- Heidi Handeland: Arkeologiske undersøkingar i Uggdalsdalen. Bergen Museum 2005.
- Kulturseksjonen, Hordaland fylkeskommune. Rapport frå utgravingar av røys 1 og 2 i Uggdalsdalen, Uggdal gnr. 69, bnr.13, Tysnes kommune.
- Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njadarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1964.
- Informasjonstavle i Uggdalsdalen