Ferdselsvegen i Uggdalsdalen

Ferdselsvegen i Uggdalsdalen ved kommunesenteret i Uggdal i Tysnes kommune er ein veg som truleg er ein av dei aller eldste kjende vegane i Noreg. Vegen gjennom Uggdalsdalen er frå førhistorisk tid og har vore del av ferdselsvegen gjennom dalen mellom Uggdal og Onarheim. Vegen er framleis synleg fleire stader.

Ferdselsvegen gjennom Uggdalsdalen er framleis synleg i terrenget. Vegen er frå førhistorisk tid, og kan ha vore nytta som ein prosesjonsveg.
Foto: Knut Rage (2017).

I elva som renn gjennom dalen er det steinar som har vore nytta som vad. I det same området er det også ei langhustuft frå folkevandringstida og restar av ein geil saman med grav- og rydningsrøyser, omlag tjue i talet. Dei fleste røysene er 5-7 m i tverrmål, to er om lag 10 m og ein er 17 m i tverrmål. På sjølve Uggdalsvollane finn me ein endå større gravflokk. Elva gjer her ein sving mot sørvest og gravene ligg på neset, omlag førti i talet. Truleg har dette vore ein gammal gravstad for bygda, kanskje knytta til heidensk gudedyrking.[1] Vegen må ha vore i bruk då gravfeltet vart anlagt.

Vegen har vore tolka som ein prosesjonsveg, og må sjåast i samanheng med dei store gravfelta i dalen og Lundo på Myklestad like i nærleiken, som igjen kan sjåast i samanheng med Vevatn og det gamle Njardarlog som ein sentral lokalitet for gudedyrking i Sunnhordland. I ein arkeologisk rapport vert det antyda ei tidfesting til ca. romertid eller folkevandringstida.[2]. Vegen må ha vore i bruk då gravfeltet vart anlagt.

Vegen var i bruk som vanleg ferdselsveg mellom Onarheim og Uggdal fram til den noverande vegen vart anlagt ved hundreårsskiftet 1900.

Referansar

  1. Johannes Heggland: Tysnes. det gamle Njadarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1964.
  2. Kulturseksjonen, Hordaland fylkeskommune. Rapport frå utgravingar av røys 1 og 2 i Uggdalsdalen, Uggdal gnr. 69, bnr.13, Tysnes kommune.

Litteratur og kjelder

  • Heidi Handeland: Arkeologiske undersøkingar i Uggdalsdalen. Bergen Museum 2005.
  • Kulturseksjonen, Hordaland fylkeskommune. Rapport frå utgravingar av røys 1 og 2 i Uggdalsdalen, Uggdal gnr. 69, bnr.13, Tysnes kommune.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njadarlog. Utg. Tysnes sogelag, 1964.
  • Informasjonstavle i Uggdalsdalen