Finnøy prestegjeld

Finnøy prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Rogaland. Frå mellomalderen av hadde det to sokn, hovedsoknet Hesby (Finnøy) og annekssoknet Talgje.

Hesby kyrkje var hovudkyrkja i prestegjeldet.

Ridder, riksråd, drottsete og sysselmann Ogmund Finnsson bodde på storgården og hovedsetet Hesby (Hæstby) på Finnøy i Ryfylke. I eit vitnesbyrd frå 1361 nemnast presten Jon Bardarsøn som vitne over at arven etter Ogmund skal tilfalle Tore Uspaksson. Det er oppført eit minnesmerke over Ogmund Finnsson ved Hesby kirke på Finnøy.

På 1900-talet vart Sjernarøy sokn overført frå Nedstrand prestegjeld, slik at prestegjeldet fekk same utstrekking som Finnøy kommune.

Litteratur