Fjærland

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 20. jun. 2017 kl. 11:48 av Kallrustad (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjærland kyrkje.
Stereofotografi av Supphellebreen.

Fjærland er ei bygd som ligg inst i Fjærlandsfjorden, ein arm av Sognefjorden. Bygda, som tilsvarar Fjærland sokn, låg opphaveleg i Balestrand kommune, men vart i 2000 overført til Sogndal kommune. I bygdesenteret Mundal finn ein mellom anna Hotel Mundal (1891) og Fjærland kyrkje.

Bygda ligg ved foten av Jostedalsbreen, og ingen stader på Vestlandet strekker brearmane seg så langt ned til fjorden som Supphellebreen og Bøyabreen i Fjærland. Breturisme har sidan midten på 1800-talet vore ein viktig del av næringsgrunnlaget; mange i Fjærland har skyssa og leigd ut rom til turistar eller arbeidd som breførarar. Keiser Wilhelm II av Tyskland vitja Fjærland årvisst fram til fyrste verdskrigen braut ut i 1914. Norsk Bremuseum opna i 1991.

Fjærland har òg ein del jordbruksproduksjon, særleg mjølk. Nær fjorden er det flater som er godt eigna for jordbruk.

Av di det ligg høge fjell kring Fjærland, var fjorden lenge einaste kommunikasjonsåra. Men i 1986 fekk Fjærland vegsamband med tunnel til Skei, og i 1994 opna Frudalstunnelen som sette bygda i samband med Sogndal. Den nye vegen søretter til Sogndal var òg grunnen til at Fjærland vart overført til Sogndal kommune. Dette skjedde etter ei folkerøysting i 1998.

Kilder og litteratur