Flåmsdalen: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: {{thumb|Flåmsdalen - no-nb digifoto 20160222 00109 NB MIT FNR 00933.jpg|I nedre del av Flåmsdalen er det fleire gardsbruk. Lenger opp er dalen langt trongare.|Ukjent / Nasjonalbiblotek...) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 3: | Linje 3: | ||
'''[[Flåmsdalen]]''' i [[Aurland kommune]] er ein atten kilometer lang dal som går frå [[Myrdal stasjon]] til [[Aurlandsfjorden]]. Den nedre delen av dalen er nokså open, og der finn ein fleire gardsbruk. Det øvste av desse ligg på 480 meter over havet, omkring ni kilometer inn i dalen. Lenger opp er dalen trong og mindre egna for busetnad og landbruk. | '''[[Flåmsdalen]]''' i [[Aurland kommune]] er ein atten kilometer lang dal som går frå [[Myrdal stasjon]] til [[Aurlandsfjorden]]. Den nedre delen av dalen er nokså open, og der finn ein fleire gardsbruk. Det øvste av desse ligg på 480 meter over havet, omkring ni kilometer inn i dalen. Lenger opp er dalen trong og mindre egna for busetnad og landbruk. | ||
[[Flåmselva]] renn gjennom dalen. Den har varig vern mot kraftutbygging. Langs dalen går jernbanelinja [[ | [[Flåmselva]] renn gjennom dalen. Den har varig vern mot kraftutbygging. Langs dalen går jernbanelinja [[Flåmsbana]], som er ein del av [[Bergensbanen]], frå [[Flåm]] til Myrdal stasjon. Det går ein eldre veg langs dalen. Denne var opphavleg anleggsveg for Bergensbanen, og har blitt sett i stand som sykkel- og turveg som ein del av [[Rallarvegen]]. Turistar har kome til dalen sidan før jernbanen vart bygd, og det er turisthotell på [[Fretheim]] og på [[Vatnahalsen]]. | ||
I nedre del av dalen ligg [[Flåm kyrkje]] frå 1667. Like ved, på [[Furuberget (Aurland)|Furuberget]], er det fleire [[jettegryte]]r. | I nedre del av dalen ligg [[Flåm kyrkje]] frå 1667. Like ved, på [[Furuberget (Aurland)|Furuberget]], er det fleire [[jettegryte]]r. |
Sideversjonen fra 13. jan. 2017 kl. 09:31
Flåmsdalen i Aurland kommune er ein atten kilometer lang dal som går frå Myrdal stasjon til Aurlandsfjorden. Den nedre delen av dalen er nokså open, og der finn ein fleire gardsbruk. Det øvste av desse ligg på 480 meter over havet, omkring ni kilometer inn i dalen. Lenger opp er dalen trong og mindre egna for busetnad og landbruk.
Flåmselva renn gjennom dalen. Den har varig vern mot kraftutbygging. Langs dalen går jernbanelinja Flåmsbana, som er ein del av Bergensbanen, frå Flåm til Myrdal stasjon. Det går ein eldre veg langs dalen. Denne var opphavleg anleggsveg for Bergensbanen, og har blitt sett i stand som sykkel- og turveg som ein del av Rallarvegen. Turistar har kome til dalen sidan før jernbanen vart bygd, og det er turisthotell på Fretheim og på Vatnahalsen.
I nedre del av dalen ligg Flåm kyrkje frå 1667. Like ved, på Furuberget, er det fleire jettegryter.
Litteratur
- Flåmsdalen i Store norske leksikon.