Folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mar. 2013 kl. 11:42 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: Ein '''folkehøgskule''' er i dag ein eksamensfri skule som har til føremål å gje ungdom ei vidare allmenndanning etter grunnskulen. Folkehøgskulane er i regulerte i folkehøgsku...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein folkehøgskule er i dag ein eksamensfri skule som har til føremål å gje ungdom ei vidare allmenndanning etter grunnskulen. Folkehøgskulane er i regulerte i folkehøgskulelova (2002).

Dei 78 norske folkehøgskulane som er i drift (2013) fell i dag i to kategoriar: 48 frilynte folkehøgskular som er tilknytt Informasjsonkontoret for folkehøgskolen (IF), og 30 kristelege folkehøgskular som er tilknytt Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole (IKF). Dagens folkehøgskular har likevel opphavet sitt i tre ulike skuleslag: folkehøgskulane, fylkesskulane (amtskulane) og dei kristelege ungdomsskulane. Med den fyrste lova om folkehøgskular (1949) vart desse tre skuleslaga lagde under same lov og folkehøgskule-omgrep.

Dei eldste folkehøgskulane

Skulane som opphavleg vart kalla folkehøgskular, fører tradisjonen sin attende til den danske diktaren og presten Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783-1872) som la det teologiske og pedagogiske grunnlaget for folkehøgskuleideologien. Den fyrste private folkehøgskulen i Danmark vart skipa i 1844, frå 1864 kjend som Askov Højskole. Skulen vart førebilete for dei norske folkehøgskulepionérane.

Den fyrste skulen grunnlagd på desse ideane i Noreg var Sagatun ved Hamar, skipa 1864 av Herman Anker og Olaus Arvesen. Tre år etter skipa Christopher Bruun ein folkehøgskule i Sel i Gudbrandsdalen, frå 1871 i Gausdal under namnet Vonheim. Bruuns bok Folkelige Grundanker (1878) vart det viktigaste programskriftet for den norske folkehøgskulerørsla.

Det vart skipa eit førtitals private folkehøgskular i Noreg fram til kring 1890. Dei fleste eksisterte berre nokre få år, og dei femnde over eit breitt spekter. Somme var ambulerande skular, andre vart etablerte permanent i nye skulebygningar. Det varierte mykje kor lange kursa var, kva det vart undervist i og ikkje minst kva teologisk, politisk og pedagogisk profil folkehøgskulane hadde.

Det er ei mistyding at alle var grundtvigianske eller frilynte. Fleire folkehøgskular vart i 1870-åra skipa på eit pietistisk grunnlag i meir eller mindre erklært opposisjon til dei grundtvigianske (mellom anna Sogndal folkehøgskule). Omgrepet frilynt må heller forståast som ei nemning på dei folkehøgskulane som utover på 1900-talet ikkje hadde eit erklært kristeleg grunnlag. Somme av dei mest radikale skulane er gjerne kalla friskular. Mange av dei eldste folkehøgskulane måtte gje opp i 1870-åra etter tevlinga frå amtsskulane.

Amtsskular

Sjå Amtsskole – utdjupande artikkel

Stortinget vedtok i 1875 å opprette offentlege ungdomsskular for gje eit tilbod om ei allmenn utdanning etter den sjuårige allmugeskulen. Det vart overlate til amta (amtstinga) å opprette skulane, men staten gav romsleg økonomisk støtte. I løpet av nokre få år kom 33 skular i gang landet over. Somme stader vart dei skipa i direkte konkurranse med radikale folkehøgskular. I nokre få tilfelle fekk òg private folkehøgskular tilskot og status som amtsskular.

Likevel vart skilnaden mellom folkehøgskulane og amtsskulane etter kvart mindre, ikkje minst fordi tidlegare folkehøgskulelærarar kom inn i amtsskulane (frå 1919 fylkesskular). I 1949 kom dei under folkehøgskulelova, og i dag er attlevande av dei tidlegare fylkesskulane ein del av dei frilynte folkehøgskulane. Amtsskuleordninga er opphavet til at fleire folkehøgskular i dag har fylke som eigarar.

Kristelege ungdomsskular

Dagens kristelege folkehøgskular har opphavet sitt i det som fyrst gjekk under nemninga ungdomsskular. Den fyrste kristelege ungdomsskulen vart grunnlagd på Notodden i 1893, og skulane vart dei neste tiåra skipa av misjonsorganisasjonar og andre kristelege organisasjonar. Frå 1949 kom dei òg under folkehøgskulelova, og dei har i dag sin eigen organisasjon. Det vart skipa ei rekkje nye kristelege folkehøgskular fram til 1960- og 70-åra.

Folkehøgskular etter skipingsår

Den følgjande lista femner berre om folkehøgskular grunnlagde fram til 1890-åra. Amtsskulane og dei kristelege ungdomsskulane er ikkje med.

(lista kjem snart)

Kjelder