Askov Højskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Åsmundstad (1850–1925) og Kristian Prestgard (1866–1946) ved Askov folkehøgskule i Sør-Jylland 1887.
Foto: Ukjend.

Askov Højskole starta i 1865 i Askov på Jylland. Den var ei direkte vidareføring av den første folkehøgskulen i Danmark, som vart oppretta i Rødding av Christian Flor i 1844. Etter andre slesvigske krig i 1864 endte Rødding på tysk område, og lærarane med Ludvig Schrøder i spissen ynskte å fortsetje arbeidet nord for grensa. Fleire av dei som vart leiande i den norske folkehøgskulerørsla var elevar på Askov eller drog dit for å studere skulen.

I 1878 innførte skulen det dei kalla «den udvidede højskole». Dei første elevane var gjerne frå bondestanden, men seinare kom òg andre til. Mange av vinterkursa var meint for elevar som allereie hadde gått på folkehøgskule, og dei klarte å trekke til seg fleire høgt kvalifiserte lærarar. Biblioteket vart til Danmark si leiande samling av litteratur av og om N.F.S. Grundtvig, og skulen blir rekna som sjølve høgborga for grundtvigianismen.

Mot slutten av 1960-åra nådde ungdomsopprøret òg Askov. Ei gruppe lærarar forlet skulen i 1972 og starta den marxistisk orienterte Kolding Højskole.

Nordmenn med band til Askov

Mellom dei nordmenn som var elevar eller som reiste dit for å studere skulen kan nemnast:

Litteratur