Torfinn Skard (1891–1970)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Telemark Arbeiderblad 12. juni 1970: utsnitt av omtale av Torfinn Skard ved hans bortgang.

Torfinn Skard (fødd 20. januar 1891 i Fåberg, død 11. juni 1970 i Skien) var hagebrukslærar og -historikar samt bibliotekar.

Slekt og familie

Han var son av folkehøgskulestyrar og seinare skuledirektør Matias Skard (1846–1927) og Nilsine Kristiane Myhre (1860–1891). Torfinn Skard var brorson til Johannes Skar, halvbror til Olav Skard, Bjarne Skard, Eiliv Skard og Sigmund Skard.

Den 30. desember 1922 vart han gift i Solum kyrkje med Aagot Sofie Lien (1898–1973). Ho var dotter av gardbrukar Hans Karl Halvorsen Lien og Ingeborg Amalie Lien.

Liv og virke

Mora døydde i barselseng då Torfinn Skard vart fødd. Han vaks opp i Levanger, og så frå 1901 i Kristiansand då faren vart skuledirektør der. Som sin eldre halvbror Olav gjekk han i landbrukslære. 1907–1911 var han lærling i Sande, på Reistad i Lier og til sist på Sem landbruksskole i Asker. I 1913, 1916 og 1917 var han sommarlærar på Reistad hagebruksskole for kvinner. Etter dette fekk han seg jobb i Danmark. Han gjekk òg på folkehøgskole, først på Jæren folkehøgskole hausten 1909 og så på Askov Højskole i Danmark 1916/1917.

Fra 1917 til 1919 studerte han hagebruk ved Norges LandbrukshøgskoleÅs. Etter denne utdanninga vart han tilsett som hagebrukslærar ved Telemark landbruks- og husmorskole, og der var han til han gjekk av med pensjon i 1958. Ved siden av lærarjobben var han interessert i hagebrukshistorie, og han skreiv fleire avhandlingar om norske hageanlegg og prestegardshager. Han bygde òg opp eit kartotek over gartnarar og gartneri i Noreg, som er samla i Skards samlingerNorges miljø- og biovitenskapelige universitet (tidlegare Norges Landbrukshøgskole). Han var ein flittig fotograf, så i Skards samlingar inngår òg eit fotoarkiv på 1645 bilete. Storverket Hagebruk og gartneri i Norge gav han ut i 1963. Han gav òg ut ei lærebok i hagebruk, Dyrking av grønnsaker, frukt og bær, i 1937.

Frå 1936 til 1958 var Skard sjef for Telemark landbruksbibliotek, som hadde ei samling på nesten 30 000 bind då han gjekk av. I same perioden var han bibliotekinspektør i Telemark, og han la ved eit omfattande arbeid for skule- og folkebiblioteka der. Hans eiga boksamling vart innlemma i biblioteket på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

Då han fylte 70 i 1961, mottok han Kongens fortenestmedalje i gull.

Torfinn Skard var òg bibliotekar. Han var sjef for Telemark landbruksbibliotek 1936–58. Boksamlinga var på nesten 30 000 bind då han trekte seg tilbake 1958. Skard vart bibliotekinspektør i fylket 1936 og la ned eit stort arbeid for skule- og folkebiblioteka i Telemark. Han hadde sjølv ei stor samling av hagebrukslitteratur, som no er i biblioteket ved NLH. På 70-årsdagen 1961 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder