Torgils Bu

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgils Bu.
Foto: Ukjent; faksimile frå Opedal (1968): Hardingar på sjøen.

Torgils Bu (fødd 9. august 1857 i Kinsarvik - no Ullensvang herad - død 9. april 1939) var lærar og bladmann. Han var son til Tobias Larsson Bu og Eli Knutsdotter Lussand og voks opp på Bu.

Frå attenårsalderen var han i mange år med på jaktefart på Nordland. I 1887 fekk Torgils nervefeber og låg fleire månader på sjukehus i Bergen. Da han vart frisk, reiste han til Askov folkehøgskole i Danmark og var der i to år. Planen var å bli lærar i ungdomsskulen, og i 1890 vart han lærar på Ullensvang folkehøgskule på Lofthus. Der arbeidde han til 1898. Samstundes styrte han Søndre Bergenhus Folkeblad.

I 1901 skipa Torgils ungdomsbladet Fjordguten. Fjordguten gjekk etter kvart inn i Vøringen på Stord, og Torgils flytte til Leirvik. I 1906 sette han i gang Vestlandske Folkeblad – frå 1919 Søndhordlandske Tidende – og styrte bladet til 1930. Tre år etter flytte han heim til Kinsarvik.

Kjelder og litteratur