Halvor Sondbø (1854–1939)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor Sondbø.
Foto: Faksimile frå Skolemanden Viggo Ullmann (1912)

Halvor Sondbø (fødd 19. november 1854 i Seljord, død 24. oktober 1939) var landbrukslærar og gardbrukar.

Han hadde utdanning frå Kviteseid Seminar og Den høgare landbruksskulenÅs. Han var ein av dei fyrste elevene frå Telemark på denne skulen. Etterpå var han ei tid agronom og lensmannsfullmektig hos lensmann T.M. Kleppen i Sauland.

Han var så gardsstyrer og lærar ved Telemark folkehøgskule på Utgarden i Seljord medan Viggo Ullmann var styrar der. I 1892 vart han tilsett som skogsforvaltar for Kleppens eiendommer i Mælum, ein stilling han hadde i 30 år.

Halvor kjøpte i 1897 garden Haug-Bergan i Solum, der han busette seg og budde livet ut, óg etter at sonen Erling tok over.

Skuleåret 1887–88 gjekk han på Askov folkehøgskule i Danmark.

Sondbø var óg i fleire år kasserar og sekretær for Telemark skogselskap.

Han døydde etter eit slag, 85 år gammel. I eit minneord i Telemark Arbeiderblad 25. oktober 1939 vart han omtala som «en liketil og omgjengelig mann som hadde mange venner».

Litteratur og kjelder