Johannes Bragstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Johannes Bragstad (fødd 1858 i Inderøy, død 1937) var fødd og oppvaksen på garden Bragstad på Sandvollan. Foreldra var Sivert Pedersen Bragstad og Margrethe Kristiansdotter Volan.

Da Bragstad var 16-17 år kom Hans Konrad Foosnæs til garden med den ambulerande folkehøgskulen sin. Bragstad vart med på skulen og det vart eit vendepunkt for han. Han fekk lyst til å lære meir og tok til å låne bøker i boksamlinga i bygda. Han ville gjerne bli lærar. Foosnæs vart elles gift med Marie Bragstad, syster til Johannes.

Han fekk kjennskap Askov, den vidgjetne folkehøgskulen i Danmark, og gjekk der eit år. Etter seinare ein vinter på Christopher Bruuns folkehøgskule på Vonheim i Gausdal vende han attende til Askov og gjekk der i to år.

Da Bragstad var ferdig på Askov, tok han til som lærar på folkehøgskulen til Ole Kristian Kuløy i Frol. Skulen var ambulerande og flytte frå bygd til bygd. I 1893 gifta han seg med Karen Pettersen frå Ribe frå Danmark; dei hadde vorte kjende på Askov. Diverre døydde Karen etter berre nokre månaders ekteskap.

H.K. Foosnæs fekk etter kvart i gang ein landbruksskule på Mære og ville gjerne ha med Bragstad som lærar. Han vart tilsett der i 1895. På Mære vart han kjende Marianne Emilie Krogh frå Høland. Dei gifta seg i 1899 og fekk to barn, Sigvart og Aslaug.

Vinteren 1891–92 følgde han førelesingar ved Universitetet i Oslo og arbeidde ved kjemilaboratoriet der. I 1898 var han på landbrukshøgskulen i Halle i Tyskland, og i 1912 var han på eit universitetskurs i Jena.

Det var ønske om å få ein fast folkehøgskule i Innherad, og amtmannsgarden Sund i Inderøy vart innkjøpt. Saman med O.K. Kuløy og Ingvald Sakshaug vart Bragstad lærar på skulen. Den felles eigarskapen til garden og skulen vart etter kvart litt innfløkt og Kuløy trekte seg ut. Sakshaug og Bragstad heldt fram med skulen med Bragstad som eigar og styrar. Bragstad slutta som lærar i 1931 og Sakshaug tok over som styrar, medan Bragstad heldt fram som bonde på Sund.

Samfunnsengasjementet til Bragstad var stort, og han var heile livet interessert i politikk. Han var venstremann og var varamann til Stortinget 1903–06. Som varamann møtte han på det historiske møtet i Stortinget 7. juni 1905. 1920 var han med på å skipa Bondepartiet og var stortingsmann i åra 1921–24.

Kjelder og litteratur