Forvaltningsområdet for samisk språk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. sep. 2013 kl. 07:26 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: '''Det samiske forvaltningsområdet''' i Noreg består av spesifikke kommunar der norsk og samisk er likestilte i offentlig forvaltning. For innbyggjarane inneber dette rett til å b...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det samiske forvaltningsområdet i Noreg består av spesifikke kommunar der norsk og samisk er likestilte i offentlig forvaltning. For innbyggjarane inneber dette rett til å bruke samisk i møte med offentlige etatar i desse kommunane. Kommunane har blant anna ansvar for eit relevant tilbod til samar i barnehage og grunnskule, og tospråklige skilt skal ha det samiske namnet før det norske. Kommunane og fylka får på si side tilskott frå Sametinget — både generelt tilskott og tilskott spesifikt til språkopplæring, språksenter (både i og utanfor forvaltningsområdet), museum, kultursenter, kulturhus og tiltak innanfor helsevesenet.

Dei norske myndigheitene anerkjenner tre offisielle samiske språk: nordsamisk (i skoltesamisk og nordsamisk område), lulesamisk (i lulesamisk og pitesamisk område) og sørsamisk (i umesamisk og søramisk område).