Framhald (Romsdalshorn): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Framhald''' er namnet på lagshuset til Ungdomslaget Romsdalshorn i Rauma kommune. Huset var opphavleg bygd for Vestlandske Exportkompani som o...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb |FramhaldRomsdalshorn.JPG|Framhald|Arnfinn Kjelland|2011}}
'''[[Framhald (Romsdalshorn)|Framhald]]''' er namnet på lagshuset til [[Ungdomslaget Romsdalshorn]] i [[Rauma kommune]]. Huset var opphavleg bygd for [[Vestlandske Exportkompani]] som oppbevaringsstad for isblokker som vart henta opp frå elva Rauma, og gjekk under namnet Ishuset da dei i 1927 vart kjøpt på auksjon av ungdomslaget. Truleg vart det bygd mellom 1910 og 1920.

Sideversjonen fra 17. des. 2015 kl. 21:22

Framhald
Foto: Arnfinn Kjelland (2011).

Framhald er namnet på lagshuset til Ungdomslaget Romsdalshorn i Rauma kommune. Huset var opphavleg bygd for Vestlandske Exportkompani som oppbevaringsstad for isblokker som vart henta opp frå elva Rauma, og gjekk under namnet Ishuset da dei i 1927 vart kjøpt på auksjon av ungdomslaget. Truleg vart det bygd mellom 1910 og 1920.

Ungdomslaget starta om- og påbygging, med kjøken, matsal og scene, og i 1937 vart det halde 10-årsfest med nyinnviing av scenekulissar.

Under andre verdskrigen var huset rekvirert av tyskarane, som brukte det til lager. Etter krigen vart det teke i bruk att av ungdeomslaget. Behovet for vedlikehald var aukande, og i 1967 starta restaureringa. Den vart vellykka delvis fordi Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen hadde behov for lokale under Gryttenutbygginga og leigde huset for arrangement. I 1972 stod det ferdig att.

I tiåra etterpå kom det nye krav til standard, så i 1998-99 vart den siste oppussinga gjennomført, med nytt kjøken, inngangsparti, toalettar og garderobe.

Kjelde

  • Oppslag i festsalen på huset