Frederik Adolf Schleppegrell: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:
Frederik Adolf Schleppegrell vart elev ved Landkadettkorpset ([[Krigsskolen|Krigsskulen]]) i Christiania som tolvåring i 1804. Han tok offiserseksamen i 1806, og var deretter hjelpelærar ved Krigsskulen til 1807, da han vart [[fenrik]] og [[sekondløytnant]] og tilsett ved farens regiment.  

Han utmerka seg i krigen 1808 spesielt i trefningane ved [[Kjellingmo]] og [[Toverud]] den 19. april, og vart [[premierløytnant]] same år ved regimentets nasjonale [[Tinnske kompani]]. Han var på dette tidspunktet berre 16 år gammal. Alt året etter vart han overført til det [[Bamleske kompani]] og til regimentets jegerkompani 1810. I åra 1811-1813 hadde Schleppegrell landmålingsoppgåver i dei to norske grevskapa på oppdrag for [[Rentekammeret]].

Under krigen på seinsommaren 1814 utmerka han seg på nytt i trefninga ved [[Ingedal]] den 3. august.
Under krigen på seinsommaren 1814 utmerka han seg på nytt i trefninga ved [[Ingedal]] den 3. august.
== I tysk og dansk teneste ==
Saman med Rye og Helgesen avslo Schleppegrell å gjere eid til den svensk-norske kongen i 1814, og fekk ved Christian Frederiks hjelp tilsetjing i den preussiske hæren frå 1815. Han  deltok dermed i oppgjeret med Napoleon, fyrst i teneste ved 3. Rhinske, sidan ved 5. Westfalske regiment under genral Blücher.
Han tenestegjorde deretter, frå september 1815, i den danske hæren, ved 3. Jyske regiment, fyrst eit par år i København, så i Ålborg, der han var busett i meir enn 20 år frametter. Han vart kaptein i 1819 og sjef for regimentets jegerkompani i 1828. Han fekk majors grad i 1839 og vart oberstløytnant og sjef for 8. bataljon i 1842.
== Den dansk-tyske krigen 1848-1850 ==
Da den første slesvigske krig braut ut i slutten av mars 1848, var Schleppegrell akkurat blitt oberst. For sine bragder heilt frå byrjinga av krigen vart han utnemnd til generalmajor i mai same år, med kommando over 3. brigade. Brigaden deltok i fleire kamphandlingar, mellom anna ved slaget om Fredericia 6. juli 1849, der Schleppegrell på nytt fekk gjetord som krigshelt.
Under våpenstillstanden frå 10. juli 1849 til nyutbrotet av krigshandlingane 6. juli 1850 var Schleppegrell fyrst infanteriinspektør på Sjælland, og så øvstkommanderande på Als (mellom Jylland og Fyn). Da  krigshandlingane vart gjenopptatt sommaren 1850, var Schleppegrell sjef for den eine av den danske hærens to divisjonar. Han førde troppane sine frå Als mot Flensburg 18. juli. Ei veke etterpå, 25. juli 1850, vart Schleppegrell dødeleg såra da han med seg sjølv i spissen for ein eskadron greip inn i ein prekær situasjon. Han døydde dagen etter på byhospitalet i Flensburg.
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer