Frederik Adolf Schleppegrell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
General Schleppegrell i spissen for sin eskadron i slaget ved Isted 25. juli 1850, der han fall. Målarstykke av Otto Bache.

Frederik Adolf Schleppegrell, (fødd i Brunlanes, nå Larvik kommune, den 28. juni 1792, død i Flensburg i Slesvig den 26. juli 1850) var offiser i den dansk-norske og danske hær. I Danmark blir Schleppegrell saman med Olaf Rye og Hans Helgesen omtala som De tre norske graner for sin heltemodige innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850. «Granene» inngår i heltegalleriet til både det danske og det norske offiserskorpset. Schleppegrells gate i Oslo og Larvik er oppkalla etter han. Han skal ha hatt som valspråk: «Bedre at være end at synes».

Familie og oppvekst

Schleppegrell hadde ei meir aristokratisk familietilknyting enn kameratane Rye og Helgesen. Slekta på farssida var av tysk adel, og sjølv vart han inngifta i den danske adelsstand. Faren Otto Heinrich Schleppegrell (1729–1808) var ein innflytta adelsmann og offiser, generalmajor og sjef for Telemarkske regiment, og enkemann etter Anne Sofie Krag (1706-1778), dotter til oberst Arendt Krag, 1716 kommandant i Frederikstad, og Kirstine Elisabeth Tønsberg. Mora, Cathrine Abigael Zimmer (1750–1836), var dotter til viseadmiral Frederik Zimmer, sjef for Frederiksvern verft, og Ida Birgithe Johansdotter Brandt.

Frederik Adolf var yngst i ein søskenflokk på fem. Han var fødd og oppvaksen på garden Brunla ved Fredriksvern (Stavern), som faren hadde flytta til i 1760, og der familien budde til nokre år etter farens død i 1808. Garden, ein tidlegare adeleg setegard, låg til godssamlinga til Larvik grevskap, og O.H. Schleppegrell bygsla garden.

Frederik Adolf Schleppegrell gifta seg den 2. mai 1828 med baronesse Johanne Jacobine Margrethe Juul (fødd på Lundbæk 24.4.1808, død i Ålborg 17.7.1896). Ho var dotter av baron Christian Frederik Juul til Rysensteen (1779–1842) og Ottilia Becher (1783–1843). Frederik Adolf og Johanne Schleppegrell fekk tre søner. Iallfall to av dei vart offiserar.

Militær løpebane i Noreg til 1815

Frederik Adolf Schleppegrell vart elev ved Landkadettkorpset (Krigsskulen) i Christiania som tolvåring i 1804. Han tok offiserseksamen i 1806, og var deretter hjelpelærar ved Krigsskulen til 1807, da han vart fenrik og sekondløytnant og tilsett ved farens regiment.

Han utmerka seg i krigen 1808 spesielt i trefningane ved Kjellingmo og Toverud den 19. april, og vart premierløytnant same år ved regimentets nasjonale Tinnske kompani. Han var på dette tidspunktet berre 16 år gammal. Alt året etter vart han overført til det Bamleske kompani og til regimentets jegerkompani 1810. I åra 1811-1813 hadde Schleppegrell landmålingsoppgåver i dei to norske grevskapa på oppdrag for Rentekammeret.

Under krigen på seinsommaren 1814 utmerka han seg på nytt i trefninga ved Ingedal den 3. august.

I tysk og dansk teneste

Saman med Rye og Helgesen avslo Schleppegrell å gjere eid til den svensk-norske kongen i 1814, og fekk ved Christian Frederiks hjelp tilsetjing i den preussiske hæren frå 1815. Han deltok dermed i oppgjeret med Napoleon, fyrst i teneste ved 3. Rhinske, sidan ved 5. Westfalske regiment under genral Blücher.

Han tenestegjorde deretter, frå september 1815, i den danske hæren, ved 3. Jyske regiment, fyrst eit par år i København, så i Ålborg, der han var busett i meir enn 20 år frametter. Han vart kaptein i 1819 og sjef for regimentets jegerkompani i 1828. Han fekk majors grad i 1839 og vart oberstløytnant og sjef for 8. bataljon i 1842.

Den dansk-tyske krigen 1848-1850

Da den første slesvigske krig braut ut i slutten av mars 1848, var Schleppegrell akkurat blitt oberst. For sine bragder heilt frå byrjinga av krigen vart han utnemnd til generalmajor i mai same år, med kommando over 3. brigade. Brigaden deltok i fleire kamphandlingar, mellom anna ved slaget om Fredericia 6. juli 1849, der Schleppegrell på nytt fekk gjetord som krigshelt.

Under våpenstillstanden frå 10. juli 1849 til nyutbrotet av krigshandlingane 6. juli 1850 var Schleppegrell fyrst infanteriinspektør på Sjælland, og så øvstkommanderande på Als (mellom Jylland og Fyn). Da krigshandlingane vart gjenopptatt sommaren 1850, var Schleppegrell sjef for den eine av den danske hærens to divisjonar. Han førde troppane sine frå Als mot Flensburg 18. juli. Ei veke etterpå, 25. juli 1850, vart Schleppegrell dødeleg såra da han med seg sjølv i spissen for ein eskadron greip inn i ein prekær situasjon. Han døydde dagen etter på byhospitalet i Flensburg.

Kjelder og litteratur

  • Anker, C.J.: Biografiske data om 330 norske, norskfødte eller for nogen tid i den norske armé ansatte generalspersoner 1628-1885. Kristiania 1885.
  • Berg, Lorens: Brunlanes. En bygdebok. Kristiania 1911.
  • Rockstroh, K.C.: Artikkel om Schleppegrell i Dansk biografisk leksikon (1983)
  • Schiøtz, Johannes: Artikkel om Schleppegrell i Norsk biografisk leksikon (1954)
  • Skaar, F.C., om Schleppegrell i Oslo Militære Samfunds portrettgalleri. Utg. av Oslo Militære Samfund i anledning av 125 års jubileet 1950.
  • Skarstein, Karl Jakob:Artikkel om Schleppegrell i Norsk biografisk leksikon, nettutgåve.

Eksterne lenkjer