Fredrik Ludvigson Uggdal: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{thumb|Tromme etter Fredrik Ludvigson Uggdal (1834-1923) Tysnes i Sunnhordland.jpg|Tromma på biletet høyrde til Fredrik Ludvigson Uggdal og er i dag å finna hos ein av etterkomarane....)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Tromme etter Fredrik Ludvigson Uggdal (1834-1923) Tysnes i Sunnhordland.jpg|Tromma på biletet høyrde til Fredrik Ludvigson Uggdal og er i dag å finna hos ein av etterkomarane. Lyden er like god den dag i dag. Foto: Magnus Konrad Bruntveit|}} Fredrik Ludvigson Uggdal (1834 - 1923 ) frå Tysnes i Sunnhordland var ein kjend tambur i bygdene på Tysnes ogmykje nytta i festleg lag. Han var ein kløppar på tromma. Når han fekk eit par trommestikker mellom fingrane kom han mest i ekstase, vert det fortald.
{{thumb|Tromme etter Fredrik Ludvigson Uggdal (1834-1923) Tysnes i Sunnhordland.jpg|Tromma på biletet høyrde til Fredrik Ludvigson Uggdal og er i dag å finna hos ein av etterkomarane. Lyden er like god den dag i dag. Foto: Magnus Konrad Bruntveit|}} '''Fredrik Ludvigson Uggdal''' (1834 - 1923 ) frå [[Tysnes]] i [[Sunnhordland]] var ein kjend [[tambur]] i bygdene på Tysnes og mykje nytta i festleg lag. Han var ein kløppar på tromma. Når han fekk eit par trommestikker mellom fingrane kom han mest i ekstase, vert det fortald.

==Sett på som rar==  
==Sett på som rar==  

Heilt frå barnsbeina av vart Fredrik sett på som ein raring, og som vaksen vart han litt av ein bygdeoriginal som gjorde mykje som folk flest syntest var løye. Det vart sagt at det kom seg av at han hadde bada så mykje som unge, han pla nemleg å liggja og slapsa rundt om i elvane. Då faren døydde vart Fredrik gåande åleine på garden, og det tok ikkje lange stunda før det vart så gale at folk meinte han burde gjerast umyndig. Men så var det slik at på Rolse hadde dei ei dugande taus - Kari Gøyo, heitte ho. Same året som Fredrik vart umyndiggjort, i 1883, fekk dei han gift med Kario. Det rettte namnet hennar var Kari Hermannsdtr. Litle-Godøy (1845-1929), ho var fødd på «Plasse» i Vetle-Gøyo.  
Heilt frå barnsbeina av vart Fredrik sett på som ein raring, og som vaksen vart han litt av ein bygdeoriginal som gjorde mykje som folk flest syntest var underleg. Det vart sagt at det kom seg av at han hadde bada så mykje som unge, han pla nemleg å liggja og slapsa rundt om i elvane. Då faren døydde vart Fredrik gåande åleine på garden, og det tok ikkje lange stunda før det vart så gale at folk meinte han burde gjerast umyndig. Men så var det slik at på [[Rolse]] hadde dei ei dugande taus - Kari Gøyo, heitte ho. Same året som Fredrik vart umyndiggjort, i 1883, fekk dei han gift med Kario. Det rette namnet hennar var Kari Hermannsdtr. Litle-Godøy (1845-1929), ho var fødd på «Plasse» i [[Vetle-Gøyo]].  

Og Kario var iallfall myndig nok! Fredrik ville ikkje ha ho, men då dei stod framfor altaret dulta ho borti han og sa: "No må du svara ja, Fredrik!"
Og "Kario" var iallfall myndig nok! Fredrik ville ikkje ha ho, men då dei stod framfor altaret dulta ho borti han og sa: "No må du svara ja, Fredrik!"

==Kompanitambur i Bergen==
==Kompanitambur i Bergen==
{{thumb|Tamburen Ingebrigt Johannesson (1850-1935) Tysnes i Sunnhordland.jpg|Tambur-tradisjonen var i si tid levande i Sunnhordlandsbygdene, særleg i bryllauper. På dette fotografiet frå Flygansværvågen på Tysnes i Sunnhordland går Ingebrigt Johannesson (1850  1935) frå Nera-Flygansvær i brodden med tromma si, truleg i bryllaupet til Anna og Johannes Bergesen (som står noko til høgre). I så fall må biletet vera frå 1921. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes|}}  Fredrik var lite glad i arbeid og praktiske ting og myndige koner, han ville berre tromma. Han var tambur, det var tromming som var livet hans. Heilt frå han var unge hadde han tromma på alt han kom over, på grytelokk og kva det måtte vera. Ja, det vart så gale at til slutt kom presten sjølv i skulestova for å tala han til rettes. «Er det bedre at lyde piber og trommer eller fader og moder», sa presten. Men lite hjelpte det.  

Først då han kom i det militære fekk Fredrik anerkjenning for trommekunstene sine. Her vart Fredrik kompanitambur, høg og stram med gullduskar på skuldrene.  Mora og søstera var på Engjo (Engen) i Bergen og såg på han under eksisen. Dei var sikkert ikkje så reint lite stolte av han. Fredrik for sin del kunne nok tenkt seg å halda fram der, men så var det denne garden heime i Uggdal, då... I gamle dagar var det ein rein plikt å ta vare på farsgarden, sjølv om det var Kario som styrte ståket etter at ho kom dit. Fredrik vart verande umyndig i åtte år etter at han gifta seg.  
Først då han kom i det militære fekk Fredrik anerkjenning for trommekunstene sine. Her vart Fredrik [[kompanitambur]], høg og stram med gullduskar på skuldrene.  Mora og søstera var på [[Engen]] i [[Bergen]] og såg på han under eksersisen. Dei var sikkert ikkje så reint lite stolte av han. Fredrik for sin del kunne nok tenkt seg å halda fram der, men så var det denne garden heime i [[Uggdal]], då... I gamle dagar var det ein rein plikt å ta vare på farsgarden, sjølv om det var Kari som styrte ståket etter at ho kom dit. Fredrik vart verande umyndig i åtte år etter at han gifta seg.  

På sine gamle dagar var Fredrik nytta som trommeslagar foran 17. mai-toga. Siste åra var han dårleg til beins, og vart køyrd foran toget. Det var nok mang ein gutetrave som tykte det var spanande med tromma hans. Og det hende vel at dei fekk prøva ho.

Linje 22: Linje 22:
[[Kategori: Folkemusikk]]
[[Kategori: Folkemusikk]]
[[Kategori: Tysnes kommune]]
[[Kategori: Tysnes kommune]]
[[Kategori: Hordaland]]
[[Kategori: Sunnhordland]]
[[Kategori:Personer født i 1834 ]]
[[Kategori: Hordaland fylke]]
[[Kategori: Personer døde i 1923]]

Sideversjonen fra 26. nov. 2015 kl. 07:50

Tromma på biletet høyrde til Fredrik Ludvigson Uggdal og er i dag å finna hos ein av etterkomarane. Lyden er like god den dag i dag. Foto: Magnus Konrad Bruntveit

Fredrik Ludvigson Uggdal (1834 - 1923 ) frå Tysnes i Sunnhordland var ein kjend tambur i bygdene på Tysnes og mykje nytta i festleg lag. Han var ein kløppar på tromma. Når han fekk eit par trommestikker mellom fingrane kom han mest i ekstase, vert det fortald.

Sett på som rar

Heilt frå barnsbeina av vart Fredrik sett på som ein raring, og som vaksen vart han litt av ein bygdeoriginal som gjorde mykje som folk flest syntest var underleg. Det vart sagt at det kom seg av at han hadde bada så mykje som unge, han pla nemleg å liggja og slapsa rundt om i elvane. Då faren døydde vart Fredrik gåande åleine på garden, og det tok ikkje lange stunda før det vart så gale at folk meinte han burde gjerast umyndig. Men så var det slik at på Rolse hadde dei ei dugande taus - Kari Gøyo, heitte ho. Same året som Fredrik vart umyndiggjort, i 1883, fekk dei han gift med Kario. Det rette namnet hennar var Kari Hermannsdtr. Litle-Godøy (1845-1929), ho var fødd på «Plasse» i Vetle-Gøyo.

Og "Kario" var iallfall myndig nok! Fredrik ville ikkje ha ho, men då dei stod framfor altaret dulta ho borti han og sa: "No må du svara ja, Fredrik!"

Kompanitambur i Bergen

Tambur-tradisjonen var i si tid levande i Sunnhordlandsbygdene, særleg i bryllauper. På dette fotografiet frå Flygansværvågen på Tysnes i Sunnhordland går Ingebrigt Johannesson (1850 1935) frå Nera-Flygansvær i brodden med tromma si, truleg i bryllaupet til Anna og Johannes Bergesen (som står noko til høgre). I så fall må biletet vera frå 1921. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Fredrik var lite glad i arbeid og praktiske ting og myndige koner, han ville berre tromma. Han var tambur, det var tromming som var livet hans. Heilt frå han var unge hadde han tromma på alt han kom over, på grytelokk og kva det måtte vera. Ja, det vart så gale at til slutt kom presten sjølv i skulestova for å tala han til rettes. «Er det bedre at lyde piber og trommer eller fader og moder», sa presten. Men lite hjelpte det.

Først då han kom i det militære fekk Fredrik anerkjenning for trommekunstene sine. Her vart Fredrik kompanitambur, høg og stram med gullduskar på skuldrene. Mora og søstera var på Engen i Bergen og såg på han under eksersisen. Dei var sikkert ikkje så reint lite stolte av han. Fredrik for sin del kunne nok tenkt seg å halda fram der, men så var det denne garden heime i Uggdal, då... I gamle dagar var det ein rein plikt å ta vare på farsgarden, sjølv om det var Kari som styrte ståket etter at ho kom dit. Fredrik vart verande umyndig i åtte år etter at han gifta seg.

På sine gamle dagar var Fredrik nytta som trommeslagar foran 17. mai-toga. Siste åra var han dårleg til beins, og vart køyrd foran toget. Det var nok mang ein gutetrave som tykte det var spanande med tromma hans. Og det hende vel at dei fekk prøva ho.

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 2. Tysnes sogelag, 1987.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band II. Tysnes sogelag, 1975.
  • Sigbjørn Apeland og Åsne Sunniva Søreide: Tonebilete frå Tysnes. Arne Bjørndals samling, 2001.