Friis

Sideversjon per 2. feb. 2016 kl. 14:05 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Friis''' er namnet på fleire slektar, nokre av dei adelege. Det har også vore andre ved namn Friis, som ikkje tilhøyrer nokon av desse to slektane. Friis' gate i Oslo...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Friis er namnet på fleire slektar, nokre av dei adelege. Det har også vore andre ved namn Friis, som ikkje tilhøyrer nokon av desse to slektane.

Friis' gate i Oslo er oppkalla etter filologen Jens Andreas Friis (1821–1896).

Friis etter Mads Lucassen Friis

Denne slekta førast attende til Mads Lucassen Friis (d. 1682), som var rådmann i Svendberg. Hans sonesons soneson Niels Friis (1741–1814) (1741–1814) brakte slekta til Noreg.

Friis frå Landvik

Denne adelsslekta går attende til futen Jacob FriisLandvik i Grimstad. I tillegg til Landvik eigde slekta også Lundegård og Hananger i Vanse. Slekta døydde ut i 1727.

Friis til Haraldskær

Denne adelsslekta er også kalla Skaktavl-Friis etter det sjakkbrettliknande mønsteret i våpenet deira. Dei er kjend på Sønderjylland sidan slutten av 1300-talet. Hovudlinja døydde ut på mannssida i 1727.

Statthaldar i Noreg Jørgen Friis (d. 1616) og lensherre Jørgen Friis (d. 1680) tilhøyrde denne slekta.

Litteratur