Funkishusa på Skjæret

Funkishusa på Skjæret i Indre Ålvik, Kvam herad i Hardanger, vart teikna av arkitekten Nicolai Beer og bygd mellom 1936 og 1940. Indre Ålvik vart ein industristad omlang 30 år tidlegare, då smelteverket Bjølvefossen AS starta opp. Kring verksemda vaks det fram eit samfunn med mellom anna skule, butikkar og bustader for dei tilsette ved smelteverket.

Ålvikvegen 1127 og 1129 sett frå Molovegen.
Foto: Leif-Harald Ruud (2022).

Dei 26 funkishusa ligg på grunn som høyrde til Bjølvefossen AS, og i 1936 fekk tilsette ved verksemda høve til å feste kvar si tomt og kjøpe ein einebustad teikna av Beer. I 2014 vart grunnen seld til Elkem AS, men festekontraktane held fram. Bustadområdet er teke inn i Kvam herad si gule liste.

Kilder


Koordinater: 60.43271° N 6.44249° Ø