Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Oppdatert gamal tekst)
Linje 14: Linje 14:
=== Organisasjon ===
=== Organisasjon ===
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta som ei prøveordning av [[Sogn og Fjordane fylkeskommune]] i 1983, og vart etablert som fast ordning frå 1986. Fylkesarkivet er plassert under ansvarsområdet til fylkesdirektør for næring og kultur i fylkeskommunen. Fylkesarkivar [[Arnt Ola Fidjestøl]] er leiar med personalansvar for dei [https://www.fylkesarkivet.no/tilsette.474981.no.html 17 fast tilsette].   
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta som ei prøveordning av [[Sogn og Fjordane fylkeskommune]] i 1983, og vart etablert som fast ordning frå 1986. Fylkesarkivet er plassert under ansvarsområdet til fylkesdirektør for næring og kultur i fylkeskommunen. Fylkesarkivar [[Arnt Ola Fidjestøl]] er leiar med personalansvar for dei [https://www.fylkesarkivet.no/tilsette.474981.no.html 17 fast tilsette].   
Frå 1. januar 2020 vert Fylkesarkivet ein seksjon i kulturavdelinga i den nye [[Vestland fylkeskommune]]. 


==Kjelder==
==Kjelder==

Sideversjonen fra 15. mai 2019 kl. 10:47

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane tek vare på og formidlar arkiv- og kjeldemateriale frå Sogn og Fjordane. Arkivet samarbeider tett med kommunar, bibliotek og museum, og har ulike fysiske og digitale publikumstenester .

Arbeidsområde

Kommunale arkiv

Eit tyngdepunkt i fylkesarkivet si verksemd er kommunalt arkivarbeid. Gjennom kommunearkivordninga har fylkesarkivet ansvar for utviklings- og rådgjevingstenester for kommunane, og har etablert eit fellesdepot for oppbevaring av det eldre arkivmaterialet deira. Nær alle kommunane i fylket deltek i dette samarbeidet.

Private arkiv og immateriell kultur

Fylkesarkivet forvaltar samlingar innan privatarkiv, musikk, foto og stadnamn med tilknyting til Sogn og Fjordane. Den immaterielle kulturarven står sentralt i fylkesarkivet si verksemd.

Fotoarkivet

Fotoarkivet har ei omfattande samling med bilete frå heile fylket. Bileta vert gjort tilgjengelege i fotodatabasen på internett, etter kvart som dei vert registrert og digitalisert. I samlinga finn ein originalt materiale som er deponert, materiale som er i arkivet sitt eige, og reproduksjonar på film. Materialet er oppbevart i fotoavdelinga sine magasin på fylkeshuset i Leikanger. Klima i magasina er tilpassa strenge krav for best oppbevaring av fotografisk materiale. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er regional ansvarsinstitusjon for foto i Sogn og Fjordane.

Organisasjon

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart oppretta som ei prøveordning av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1983, og vart etablert som fast ordning frå 1986. Fylkesarkivet er plassert under ansvarsområdet til fylkesdirektør for næring og kultur i fylkeskommunen. Fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl er leiar med personalansvar for dei 17 fast tilsette.

Frå 1. januar 2020 vert Fylkesarkivet ein seksjon i kulturavdelinga i den nye Vestland fylkeskommune.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.

Mal:Spire1