Fyresdal Handelslag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 27: Linje 27:
[[Kategori:Etableringer i 1871]]
[[Kategori:Etableringer i 1871]]
[[Kategori:Næringsliv]]
[[Kategori:Næringsliv]]
[[Kategori:Samvirkelag]]
[[Kategori:Landhandel]]
{{F1}}
{{F1}}
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 27. sep. 2019 kl. 11:38

Breifonn, fyrste bygninga til Forbrukseininga. Denne bygningen blei flytta bakover til Skippergata 2 og står der framleis, men er litt endra. Deretter kom den bygningen som blei den nye for Fyresdal Handelslag og som står der i 2019. Foto Olav S. Nyli.

Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Veum. I 1899[1] gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heittande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916.[2]

Forbruksforeininga

Forbruksforeininga, seinare kjent som Fyresdal Handelslag L/L ligg i Folkestadbyen i Folkestadgata 24 i Fyresdal kommune og vart skipa i år 1871. Det fyrste huset var Breifonn, flytt frå Nordre Bondal i Kleivgrend. Forbruksforreininga heldt til i dette huset fram til 1905. Då blei bygninga flytta litt lenger opp i Skippergata, til Skippergata 2, og då hadde Lars Folkestad smia si der.

Handelslaget

Fyresdal Handelslag på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

I 1905 bygde dei ei ny bygning som blei forretning. I 2019 er det lokalet til Oleas Hus.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåvebokhylla.
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.

Referanser

  1. Under Fyresdal Handelslag står det at Veum Handelslag gjekk ut i 1889, medan under Veum Handelslag står det at laget gjekk ut i 1899. (Sætherskar, 1949, s. 763 og 769.
  2. Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 762-763.