Fyresdal folkebibliotek: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 33: Linje 33:
Ex libris Fyresdal Folkeboksamling 1967.jpg | Ex libris Fyresdal Folkeboksamling nytta i bok i 1967
Ex libris Fyresdal Folkeboksamling 1967.jpg | Ex libris Fyresdal Folkeboksamling nytta i bok i 1967
Ex libris Fyresdal Folkebibliotek 1982.jpg | Ex libris Fyresdal Folkebibliotek nytta i bok 1982
Ex libris Fyresdal Folkebibliotek 1982.jpg | Ex libris Fyresdal Folkebibliotek nytta i bok 1982
Fyresdal Folkeboksamling - Folkebibliotek 1967 .jpg | Fyresdal Folkebibliotek. Ex libris, gamal og nyare type
</gallery>
</gallery>



Sideversjonen fra 10. des. 2019 kl. 09:59


Tidleg soge. Før det vart ei ordning med offentleg bibliotek hadde enkelte som ville vite litt meir enn det «almueskolen» og læraren der kunne gjeve, fått nytte seg av presten si private boksamling. I dei tider var det nok den som kunn støtte litt opp om kunnskapshungeren jamvel om den naturleg nok kunne vere prega av teologisk litteratur.


På eit møte i heradstyret 19. april 1838 las ordføraren opp eit brev frå kyrkjedepartementet om boksamlingar, og gjorde framlegg om at det skulle verte laga til ei samling i heradet. Saka vart utsatt då ein ville samle inn pengar. I eit seinare møte synte det seg at bare 7 mann hadde teikna seg for 24 sk. kvar, og saka vart utsatt på nytt.


Prost Iver Andreas Teisner (1818-1870) var sokneprest i Fyresdal i tidsrommet 1848-1870. Han var særs dyktig på mange ulike felt, ikkje minst i det kommunale, og hans interesse i det administrative var vidt femnande. I 1854 fekk han oppretta eit «almuebibliotek» ved hjelp av eit offentleg bidrag på 25. spd. til å byrje med, i tillegg til frivillige tilskot frå enkelte menn i bygda. Sjølv gav han til biblioteket fleire av sine bøker. Frå fyrst av var biblioteket i prestegarden, presten stod då for utlånet og førde tilsyn med bøkene.


Ei tid var biblioteket på Folkvang. Etter om lag 1925 var det på Fredtun i andre høgda der det framleis var på slutten av 1940talet. I 1945 var bibliotekinspektøren i Telemark, Torfinn Skard, der og såg over bøkene. Han sette Olav K. Skrede til å styre biblioteket og dette vart ordentleg, stort og godt. Biblioteket vart opna etter krigen i 1946, dette året var det 76 låntakarar. Ei tid etter krigen var Hjarand Bringa (1920-1966) styrar av Fyresdal folkebibliotek, han var og korrespondent for avisa Varden med initialane HEB.


Biblioteket hadde like etter krigen om lag 1300 bøker. Om lag 2/3 av bøkene var faglitteratur medan 1/3 var skjønnlitteratur. I 1943-1944 fekk biblioteket ei flott gåve, testamentert, etter sorenskrivar Orm Sitje, der var 850 bøker av mange slag.


Eit stort sprang i tid:


2019: «Fyresdal folkebibliotek ligg i same bygg som samfunnshuset. Like ved ligg både skulen, barnehagen og helsehuset. Biblioteket har populær boksamling, film, lydbøker, aviser, tidsskrift, 3 datamaskiner til fri bruk for publikum og trådlaust nettverk. Bøker biblioteket ikkje har, kan vi i regelen låne frå andre bibliotek. Det er mange sittegrupper på biblioteket og eit skjerma rom for lesing. Det er rikeleg med gratis parkeringsplassar og H-plassar. Biblioteket har trappefri tilkomst. Velkomen!» Biblioteksjef Fyresdal folkebibliotek: Liv Blørstad Kiland


Biletgalleri


Kjelder og til utdjupande lesnad


• Bringa, Hjarand: Fyresdal folkebibliotek – eit av dei eldste bygdebibliotek i landet. «Sjå deg attyvi». Fyresdal Sogelag 2000

Qvisling, J. L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001. ( s. 223)

Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania