Folkvang (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkvang (gnr. 37/10) er Lensmannsgata 9 i Fyresdal. Eigedomen vart bygsla frå Århus (gnr. 37/1) og bygd i 1895. Byggmeister var snikkar Tarald K. Vik. Tømra er frå Ramsvatn nordre (gnr. 70/1).

Her var det bank i perioden 1899-1918. Deretter vart bygningen nytta som bibliotek fram til 1925. Etter 1927 hadde lensmannen kontor her, og det er dette som har gjeve namn til gata.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal Gards - og ættesoge Bind II, Fyresdal kommune 1992, s. 735.
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.

Biletgalleri