Trudvang (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Trudvang (Fyresdal gnr. 37/5/9) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Lensmannsgata 7.

Jørund Grundeson Fossum leigde Trudvang i 1900 for 32 kroner årleg. I 1905 gjekk festet over til Olav og Gunnar Åsmundsøner Åmli.

Det var broren Herjus Åsmundson Åmli (1879-1913) som fekk seg hus her. Det kom frå Skredeplassen, Skræi (Fyresdal gnr. 13/3). Han gifte seg i 1904 med Josefine Kristine Sjøberg og dreiv som skreddar.

I 1916 vart Trudvang seld til sersjant Gunnar Olavson Nøra som saman med kona, Marie Gunleiksdtr. N. Vassbø flytte inn her. Gunnar dreiv Øyfoss bruk, men omkom i ei ulukke på saga i 1937.

I det mindre huset budde Inga Straume, som var ei framifrå og etterspurd syerske som trylla fram fine kjolar, kåper og drakter. Etter at ho flytta kom Fyresdal folkebibliotek til å halde til her ei tid.

I 2019 held Trudvang Handverk til her, ei einmannsbedrift som held på med bandvev og liknande handarbeid. Ektefellen er organist.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

• Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992 • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.