Gabriel Lund (1773–1832): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Gabriel Lund''' (fødd i Farsund 4. oktober 1773, død i Trondheim 2. november 1832) var teolog, forretningsmann og konsul, postmeister og eidsvollsmann. Han tilhøyrd...)
 
(Mellomlagring)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Gabriel Lund]]''' (fødd i [[Farsund]] 4. oktober 1773, død i [[Trondheim]] 2. november 1832) var teolog, forretningsmann og konsul, postmeister og [[eidsvollsmann]]. Han tilhøyrde eit forretningsdynasti i fødebyen med hovudsete i patrisiarbustaden [[Husan]], som Gabriel Lund sjølv åtte og var fyrste bebuaren i.
'''[[Gabriel Lund]]''' (fødd i [[Farsund]] 4. oktober 1773, død i [[Trondheim]] 2. november 1832) var forretningsmann, konsul og postmeister, [[eidsvollsmann]] og stortingsmann, og hadde også teologiske studiar bak seg i ungdomen. Han tilhøyrde eit dominerande forretningsdynasti i fødebyen, og Gabriel Lund sjølv var den fyrste som budde i den kjende patrisiarbustaden [[Husan]].


Han var son av «Farsunds grunnleggjar», kjøpmann, skipsreiar, godseigar m.m. [[Jochum Brinch Lund]] (1743-1807) og Inger Marichen Lund fødd Luth (1744-1810). Gabriel Lund var svoger til eidsvollsmannen [[Just Henrik Ely]], som var gift med Lunds syster Caroline Nicoline Lund. Gabriel Lund gifta seg i Farsund 23. april 1802 med tremenningen sin Gidsken Edvardine Røring Lund (døypt i Farsund 13. juni 1781, død same stad 2. januar 1841). Ho var dotter til kjøpmann Søren Bruun Lund og Anne Else Benedikte Bugge.
Han var son av «Farsunds grunnleggjar», kjøpmann, skipsreiar, godseigar m.m. [[Jochum Brinch Lund]] (1743-1807) og Inger Marichen Lund fødd Luth (1744-1810). Gabriel hadde fem eller fleire sysken. Han var svoger til eidsvollsmannen [[Just Henrik Ely]], som var gift med Lunds syster Caroline Nicoline Lund. Gabriel Lund gifta seg i Farsund 23. april 1802 med tremenningen sin Gidsken Edvardine Røring Lund (døypt i Farsund 13. juni 1781, død same stad 2. januar 1841). Ho var dotter til kjøpmann Søren Bruun Lund og Anne Else Benedikte Bugge. Ekteparet flytta truleg inn i søre fløya i det nybygde paleet Husan da dei gifta seg. Jochum Brinch Lund hadde bygd dette med tanke på sine to søner Gabriel og Ebbe. Sistnemnde flytta inn i den andre halvparten av bustaden litt seinare.
 
Gabriel tok studenteksamen 1792 etter å ha gått latinskulen på [[Kongsberg]]. Koht (1938) opplyser at Lund tok teologisk embetseksamen i København i 1795. I den nyare byhistoria er det derimot framhalde at han aldri avslutta studiane i København. Etter studietida i København hadde han fleire opphald i utlandet, i revolusjonens Frankrike, i Skottland, England og Italia. På folketeljingstidspunktet 1801 budde Gabriel saman med foreldra og broren Ebbe i Farsund. Gabriel er der framleis titulert «studiosus», medan broren har rokke å ta handelsborgarskap.
 
Gabriel Lund var skipsreiar, dreiv stort i fiskehandel og anna forretningsverksemd. I 1830 måtte han gje opp forrretningsdrifta. Med direkte medverknad av Karl Johan, vart han utnemnd til postmeister i Trondheim, der han altså budde den siste tida før han døydde to år etter. Han var fransk og dansk visekonsul 1820-1830.

Sideversjonen fra 4. feb. 2014 kl. 09:14

Gabriel Lund (fødd i Farsund 4. oktober 1773, død i Trondheim 2. november 1832) var forretningsmann, konsul og postmeister, eidsvollsmann og stortingsmann, og hadde også teologiske studiar bak seg i ungdomen. Han tilhøyrde eit dominerande forretningsdynasti i fødebyen, og Gabriel Lund sjølv var den fyrste som budde i den kjende patrisiarbustaden Husan.

Han var son av «Farsunds grunnleggjar», kjøpmann, skipsreiar, godseigar m.m. Jochum Brinch Lund (1743-1807) og Inger Marichen Lund fødd Luth (1744-1810). Gabriel hadde fem eller fleire sysken. Han var svoger til eidsvollsmannen Just Henrik Ely, som var gift med Lunds syster Caroline Nicoline Lund. Gabriel Lund gifta seg i Farsund 23. april 1802 med tremenningen sin Gidsken Edvardine Røring Lund (døypt i Farsund 13. juni 1781, død same stad 2. januar 1841). Ho var dotter til kjøpmann Søren Bruun Lund og Anne Else Benedikte Bugge. Ekteparet flytta truleg inn i søre fløya i det nybygde paleet Husan da dei gifta seg. Jochum Brinch Lund hadde bygd dette med tanke på sine to søner Gabriel og Ebbe. Sistnemnde flytta inn i den andre halvparten av bustaden litt seinare.

Gabriel tok studenteksamen 1792 etter å ha gått latinskulen på Kongsberg. Koht (1938) opplyser at Lund tok teologisk embetseksamen i København i 1795. I den nyare byhistoria er det derimot framhalde at han aldri avslutta studiane i København. Etter studietida i København hadde han fleire opphald i utlandet, i revolusjonens Frankrike, i Skottland, England og Italia. På folketeljingstidspunktet 1801 budde Gabriel saman med foreldra og broren Ebbe i Farsund. Gabriel er der framleis titulert «studiosus», medan broren har rokke å ta handelsborgarskap.

Gabriel Lund var skipsreiar, dreiv stort i fiskehandel og anna forretningsverksemd. I 1830 måtte han gje opp forrretningsdrifta. Med direkte medverknad av Karl Johan, vart han utnemnd til postmeister i Trondheim, der han altså budde den siste tida før han døydde to år etter. Han var fransk og dansk visekonsul 1820-1830.