Gabriel Lund (1773–1832)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. feb. 2014 kl. 08:40 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Gabriel Lund''' (fødd i Farsund 4. oktober 1773, død i Trondheim 2. november 1832) var teolog, forretningsmann og konsul, postmeister og eidsvollsmann. Han tilhøyrd...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gabriel Lund (fødd i Farsund 4. oktober 1773, død i Trondheim 2. november 1832) var teolog, forretningsmann og konsul, postmeister og eidsvollsmann. Han tilhøyrde eit forretningsdynasti i fødebyen med hovudsete i patrisiarbustaden Husan, som Gabriel Lund sjølv åtte og var fyrste bebuaren i.

Han var son av «Farsunds grunnleggjar», kjøpmann, skipsreiar, godseigar m.m. Jochum Brinch Lund (1743-1807) og Inger Marichen Lund fødd Luth (1744-1810). Gabriel Lund var svoger til eidsvollsmannen Just Henrik Ely, som var gift med Lunds syster Caroline Nicoline Lund. Gabriel Lund gifta seg i Farsund 23. april 1802 med tremenningen sin Gidsken Edvardine Røring Lund (døypt i Farsund 13. juni 1781, død same stad 2. januar 1841). Ho var dotter til kjøpmann Søren Bruun Lund og Anne Else Benedikte Bugge.