Gards- og slektshistorie: Forskjell mellom sideversjoner

Utbygging
(Utbygging)
Linje 69: Linje 69:


NB! Dei omtala elementa i gards- og slektshistoria kan vere ordna på mange ulike måtar. Det kan til dømes ofte vere mykje stoff om folka på garden under den gardshistoriske delen, samstundes som det finst utskilt personalstoff i tillegg.  
NB! Dei omtala elementa i gards- og slektshistoria kan vere ordna på mange ulike måtar. Det kan til dømes ofte vere mykje stoff om folka på garden under den gardshistoriske delen, samstundes som det finst utskilt personalstoff i tillegg.  
== Kjelder til gards- og slektshistorie ==
=== Gardshistoria ===
Under føresetnad av at gardshistoria skal ta til med dei eldste tider, bør nedanståande sjekkliste for kjeldetypar/-seriar og oppslagsverk gjennomgåast som eit minimum:
* Arkeologiske funn
* Namnetolkingar frå [[Norske Gaardnavne]], [[Norsk stadnamnleksikon]] og andre oppslagsverk.
* [[Diplomatarium Norvegicum]] og alle andre mellomalderkjelder der gardar i bygda kan ventast å vere nemnde. (Det aller meste av mellomalder- og 1500-tallsmaterialet finst i trykt form).
* Manntal frå 1660-åra og 1701 og nokre viktige skattelister ([[Koppskatten 1645|koppskatten 1645]], [[skattematrikkelen 1647]], [[kvegskatten 1657]], ekstraskattar 1711 og 1762).
* Matriklar og matrikkelforarbeid frå ca. 1665, 1723 og frå 1800-talet.
* Folketeljingar og jordbruksteljingar så langt ein får tilgang til å bruke individuelle data osv.
* [[Leksikon:Tingbøker|Tingbøker]] før [[Leksikon:Pantebok|panteboka]] byrjar, deretter [[panteregister]] og pantebøker (grunnbøkene).
For nærare opplysningar om dei einskilde kjeldene, sjå under temaside kjelder.
=== Slektshistoria ===
Mykje av det ovanståande som gjeld gardshistoria er også kjelder til den reine slektshistoria. I tillegg, og som det aller viktigaste, kjem her [[kirkebok|kyrkjebøkene]] inn. [[Skifteprotokoll|Skifteprotokollar]] er likeins heilt sentrale. Sjå elles temaside kjelder.
Dersom ein ønskjer å føre historia fram til i dag, må ein for dei siste 50-100 åra rekne med å måtte innhente opplysningar via intervju og spørjeskjema, da både kyrkjebøkene og teljingsmateriale fra Statistisk sentralbyrå vil vere sperra for slik bruk.
Om ein vil ha «kjøt på beina» til både gards- og slektshistoria - stoff om personar, hendingar, omstende og tradisjonar ut over brukarrekkjer, eigedomstilhøve, produksjonsdata osv. - er det ei mengd kjeldetypar som kan utnyttast. For å nemne i fleng: tingbøker og andre rettsprotokollar, skriftleg og munnleg tradisjonsmateriale, bevart gjenstandsmateriale, lister over gjenstandsmateriale i dødsbuskifte, teignamn, dagbokoppteikningar, private brev, osv.




Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer