Forskjell mellom versjoner av «Gausel-dronninga»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
({{nn}})
(Personer (under tvil))
 
Linje 32: Linje 32:
 
{{F1}}
 
{{F1}}
 
{{nn}}
 
{{nn}}
 +
[[Kategori:Personer]]

Nåværende revisjon fra 10. sep. 2019 kl. 12:28

Gausel-dronninga er nytta som nemning for ei kvinne gravlagt med rikt utstyr på garden Gausel i noverande Stavanger. Grava er frå midten av 800-talet e. Kr. (vikingtid).

Grava blir oppdaga

Samuel S. Gausel fann i 1883 ein liten gravhaug medan han arbeidde med steinrydding. Han tok bort ein del stein og oppdaga eit murt kammer med dekke av tre heller. I grava låg ei rekkje gjenstandar. Samuel Gausel samla opp tinga og gav dei til ein smed, som igjen selde dei til Bergens Museum for 70 kr. Museet bad Gausel om å freista å finna fleire gjenstandar i grava. Ytterlegare nokre fragmenterte ting kom for dagen, før grava blei fylt igjen. Konservator Tor Helliesen ved Stavanger Museum registrerte fornminne i området rundt 1900. Det var då ingen synlege spor etter grava, men han fekk påvist omtrent kvar ho hadde vore.

Gravgåvene

Grava på Gausel er ei av dei rikaste kvinnegravene vi kjenner frå vikingtid. Den gravlagte hadde fått med seg omtrent 40 gjenstandar. Her kom for dagen mellom anna to ovale draktspenner av sølv og bronse, ei likearma sølvspenne, to armringar av sølv, ein fingerring av jet, fem mosaikkperler, to knivar, 12 bekselbeslag av bronse, tre endebeslag til drikkehorn (så mange drikkehorn er ikkje kjent frå noko anna vikingtidsgrav), beslag og hank som truleg hadde tilhøyrt eit treskrin, steikepanne, steikespidd, eit bronsekar med løveforma hankefeste, bronsebeslag til eit relikvieskrin og hestetenner. Grava var så lita at kvinna berre kan ha fått med seg hestehovudet og ikkje heile hesten. Beinrestar etter den døde skal ikkje ha blitt funne, slik at det truleg dreier seg om ei ubrent gravlegging (brente bein er meir motstandsdyktige mot nedbryting).

På plyndring i Irland?

Fleire gjenstandar i grava har opphav i Irland. Det dreier seg om bekselbeslaga, bronsekaret, drikkehornbeslaga og beslaget til relikvieskrinet. Mesteparten av dette stammar truleg frå irske kyrkjer og klostre. Det er derfor rimeleg å tru at dei fann vegen over Nordsjøen som resultat av plyndring heller enn handel. På Musees des Antiques Nationales i Paris finst to beslag som er heilt like det eine beslaget frå Gausel. Dei har truleg blitt produserte på same staden for å brukast som beslag på gavlsidene av husforma relikvieskrin. Arkeologen Egil Bakka hevda at kvaliteten på dei irske importsakene var så høg, at det truleg måtte vera nøye utvalde ting. Han antyder at Gausel-dronninga kan ha vore i slekt med Olav Kvite, som herska i Dublin frå 853 til 871.

Nye undersøkingar

I 1997 starta Arkeologisk museum i Stavanger undersøkingar av eit område på Gausel i samband med bustadbygging. Det blei påvist ei rekkje busetjingsspor i området, mellom anna fleire båtgraver og stolpehol etter bygningar. Like ved restane av ei førhistorisk smie låg ei lita steinsamling. Under denne kom ei steinlegging for dagen som minna om skildringa av Gausel-dronninga si grav. Det vart funne mellom anna jernnaglar, deler av jernbeslag, glasbitar og eit lite bronsefragment. På eit reimbeslag av jern var spor av sølv. Funnbiletet høvde godt med gjenstandane frå Gausel-dronninga si grav, og då hestetenner dukka opp, var ein ikkje lenger i tvil om at grava hadde blitt gjenfunne etter 114 år.

Litteratur

  • Bakka, Egil: Gauselfunnet og bakgrunnen for det. I: Arkeologiske skrifter fra Historisk Museum i Bergen. Nr 7. 1993
  • Børsheim, Ragnar L.: Nye undersøkelser av Gauseldronningens grav. I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 1997
  • Børsheim, Ragnar L.: Gausel - en forhistorisk storgård. I: Frá haug ok heiðni. Nr 1-2. 2001
  • Børsheim, Ragnar L. og Eli-Christine Soltvedt: Gausel. Utgravningene 1997-2000. Arkeologisk museum i Stavanger, 2002. Serien AmS-Varia, nr 39
  • Bårdseth, Gro Anita: Kulturhistoriske undersøkelser på Gausel 1998 og 1999. Arkeologisk museum, 2002. Serien AmS-rapport, nr 17
  • Eriksen, Heidi Tangen: Utgravningene på Gausel i Stavanger - Gauseldronningens grav gjenfunnet. I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 1997
  • Holand, Ingegerd: Glassfunnene fra Gausel. I: Frá haug ok heiðni. Nr 2. 1998

Eksterne lenker