Geirangerfjorden

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 6. jan. 2020 kl. 07:26 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Norddal kommune» til «Kategori:Fjord kommune [[Kategori:Norddal»)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
DY «Meteor» i Geirangerfjorden.
Foto: Anders Beer Wilse (1921).

GeirangerfjordenSunnmøre er den inste armen av Sunnylvsfjorden, og dermed ein del av Storfjorden. Han er femten kilometer lang, og har største djup på 258 meter. Ved munningen strekk fjellsidene seg opp til omkring 1400 moh., og like innafor fjorbotnen til heile 1700 moh. Namnet kjem frå tettstaden Geiranger inst i fjorden.

Fossane Brudesløret og Dei sju systrene finn ein på nordsida av fjorden, og midt imot renn Friaren.

Ein kan krysse fjorden med ferjesambandet Hellesylt–Geiranger. Det er òg mykje cruisetrafikk, og Hurtigruta har anløp på nordgåande. Frå Dalsnibba på 1476 moh. er det flott utsyn over fjorden.

Saman med Nærøyfjorden står Geirangerfjorden på UNESCO si liste over verdsarven.

Litteratur og kjelder

Galleri