Gerhardine Helene Fredrikke Paasche

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jan. 2013 kl. 11:24 av Oddloho (samtale | bidrag) (kraftig utviding)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gerhardine Helene Fredrikke Paasche (Dina Krog) (fødd 7. september 1851 i Fana, død 30. oktober 1922 i [[Sarpsborg) var den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Luster og i Sogn og Fjordane.

Ho var dotter av stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog (1808-1897) i Fana og Ingeborg Christine Endresen (1813-1853). Mora døydde då ho var 2 år, og ho hadde seks eldre sysken.

Den 29. november 1887 gifte ho seg i Luster med enkjemannen og lækjaren Einar Paasche (1849-1931). Einar Paasche var utnemnd til distriktslækjar i Luster i desember 1886 og flytte inn på garden Nygård i Dale der den førre distriktslækjaren òg hadde budd. Her budde Einar og Dina fram til 1906 då dei flytte frå Luster. Einar vart i 1906 utnemnd til distriktslækjar i Sarpsborg, og her vart dei buande så lenge Dina levde.

I 1901 vart Dina Krog vald inn i kommunestyret i Luster på ei upolitisk liste. Ho var tremenning med kvinnesaksdronninga Gina Krog, men det er uvisst om dette var ein grunn til at ho engasjerte seg politisk. Deira felles oldeforeldre var presten Truls Christian Krog (1722-1806) og Helen Sophie f. Meyer (1735-1809).

Einar fekk fire born i det fyrste ekteskapet. To av dei døydde som spedborn. Dei to andre, Andreas og Sigrid, var 9 og 7 år då Dina og Einar gifte seg. Dei fekk to born i lag:

  • Olea Paasche (fødd 1888, død i ung alder)
  • Hans Krog Paasche (1890-1931), utvandra til Amerika i 1915 og var ei tid gruvearbeidar og laksefiskar i Alaska

Kjelder og litteratur

Mal:De hundre første kvinnelige kommunestyrerepresentantene