Ghana

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. mar. 2021 kl. 11:33 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (ei byrjing)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ghana er eit land i Vest-Afrika. Det grensar mot Togo i aust, Burkina Faso i nord, og Elfenbeinskysten i vest. Ghana var mellom dei fyrste tidlegare koloniane i Afrika som vart uavhengig frå kolonimakta: 6. mars 1957 vart Ghana sjølvstendig med Kwame Nkrumah som fyrste statsminister, seinare president. Hovudstaden i landet er Accra, som millom anna omfattar Osu Castle, tidlegare den danske festninga Christiansborg. Nest største byen i landet er Kumasi, som har vori ashantianes hovudstad sidan han vart grunnlagt i 1680.

Offisielt språk i Ghana er engelsk. Utom dette vert elleve språk støtta av styresmaktane, alle høyrer dei til Niger-Kongo-familien, og tre av dei er ulike standardar av språkgruppa akan, som vert nytta av over halvparten av folket i Ghana.

Namn og flagg

Namnet Ghana fekk landet etter Ghanariket, som var på høgda fyrst på 1000-talet, og som låg i grenseområdet millom det som i dag er Mali, Mauritania og Senegal.[1] Riket hadde såleis ingenting med Ghana av i dag å gjera, men namnet vart vald av prestisjen i å assosiere seg med det fyrste større riket i regionen. Før dette vart landet kalt Gullkysten (Gold Coast).

Flagget åt Ghana vart utforma av statskvinna Theodosia Okoh (1922—2015), og er ein horisontal trikolor i raudt, gult og grønt med ei svart stjerne i midten. Dei tre fargane har ein sterk panafrikansk symbolikk, og Ghana var det andre landet i Afrika etter Etiopia som nytta nettopp raudt, gult og grønt. Den svarte stjerna har òg ei panafrikansk tyding, ho vart teki frå rederiet Black Star Line, som vart grunnlagt av den jamaikanske panafrikanisten Marcus Garvey: Han freista å transportere alle afrikanskætta amerikanarar attende til Afrika.

Tidleg nytid

Kysten av Ghana vart kraftig råka av den europeiske slavehandelen i tidleg nytid. Ulike europeiske makter anla mange festningar på kysten av Ghana, fyrst ut var portugisarane i 1481 med Castelo de São Jorge da Mina, sidan kjend som Elmina-borga. Elmina ligg vel 150 kilometer vest for Accra, og var portugisaranes hovudsete i området fram til nederlendarane erobra det i 1637. [2]

På same tid var mykje av innlandet styrt av Ashanti-riket, som var ein av dei sterkaste afrikanske statane i tidleg nytid.

Britisk styre

I løpet av 1800-talet vart herredømet åt dei ulike europeiske landa samla hos britane, slik at dei styrte heile den sørlege, kystnære delen av landet. Ashanti var vanskelegare å ta kontroll over, men dei vart omsider annektert av britane i 1901. Ashantianes hovudstad Kumasi vart lagt i grus av britane alt i 1874.

Den britiske kolonien Gullkysten fekk sine notidige grenser fyrst i 1956, da britisk Togoland (grovt rekna området aust for Voltasjøen) vart formelt innlemma. Togoland, som òg bestod av notidas Togo, var koloni under Tyskland frå 1884, men den vestlege tredelen vart overteki av britane under fyrste verdskrigen. Resten, som er Togo i dag, låg under Frankrike frå krigen og fram til 1960.

Sjølvstende

Ghana vart uavhengig frå Storbritannia i 1957, og var dermed den aller fyrste europeiske kolonien i Afrika som vart sjølvstendig. Kwame Nkrumah styrte landet fram til 1966, fyrst som statsminister, sidan som president, og i nokre år i 1960-åra var Ghana i union med Guinea og Mali. I 1966 vart Nkrumah avsett i eit militærkupp, og etter nok eit militærkupp i 1978 vart landet styrt av eit militærdiktatur. Sidan 1993 er Ghana igjen demokratisk, og er eit av dei mest politisk stabile og økonomisk utvikla landa i regionen.

Ghana og Norge

(meir kjem)

Noter

  1. Ghanariket i Store norske leksikon.
  2. Elmina_CastleWikipedia på engelsk.

Kjelder