Ghana

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Christiansborg var det viktigste av dei danske slaveforta på kysten av Ghana. Fortet heiter i dag Osu Castle.
Foto: George Webster/Museet for Søfart i Helsingør.
Det portugisiske, frå 1637 nederlandske fortet Elmina.
Foto: Johannes Vingboons/Österreichische Nationalbibliothek.
Kumasi i 1819, mens Ashantikongedømet enno var sjølvstendig. Biletet viser soverommet åt kongen.
Foto: Thomas Edward Bowdich/British Library.
Christian Jacob Protten var misjonær og lingvist av ga-mor og dansk far, og var den fyrste til å nytte språka ga og fante i skrift: Han skreiv boka En nyttig Grammaticalsk Indledelse til Tvende hidintil gandske ubekiendte Sprog, Fanteisk og Acraisk, som vart gitt ut i København i 1764.[1]

Ghana er eit land i Vest-Afrika. Det grensar mot Togo i aust, Burkina Faso i nord, og Elfenbeinskysten i vest. Ghana var mellom dei fyrste tidlegare koloniane i Afrika som vart uavhengig frå kolonimakta: 6. mars 1957 vart Ghana sjølvstendig med Kwame Nkrumah som fyrste statsminister, seinare president. Hovudstaden i landet er Accra, som mellom anna omfattar Osu Castle, tidlegare den danske festninga Christiansborg.[2] Nest største byen i landet er Kumasi, som har vori ashantianes hovudstad sidan han vart grunnlagt i 1680.

Offisielt språk i Ghana er engelsk. Utom dette vert elleve språk støtta av styresmaktane, alle høyrer dei til Niger-Kongo-familien, og tre av dei er ulike standardar av språkgruppa akan, som vert nytta av over halvparten av folket i Ghana.

Namn og flagg

Namnet Ghana fekk landet etter Ghanariket, som var på høgda fyrst på 1000-talet, og som låg i grenseområdet mellom det som i dag er Mali, Mauritania og Senegal.[3] Riket hadde såleis ingenting med Ghana av i dag å gjera, men namnet vart vald av prestisjen i å assosiere seg med det fyrste større riket i regionen. Før dette vart landet kalt Gullkysten (Gold Coast).

Flagget åt Ghana vart utforma av statskvinna Theodosia Okoh (1922—2015), og er ein horisontal trikolor i raudt, gult og grønt med ei svart stjerne i midten. Dei tre fargane har ein sterk panafrikansk symbolikk, og Ghana var det andre landet i Afrika etter Etiopia som nytta nettopp raudt, gult og grønt. Den svarte stjerna har òg ei panafrikansk tyding, ho vart teki frå rederiet Black Star Line, som vart grunnlagt av den jamaikanske panafrikanisten Marcus Garvey: Han freista å transportere alle afrikanskætta amerikanarar attende til Afrika.

Tidleg nytid

Kysten av Ghana vart kraftig råka av den europeiske slavehandelen i tidleg nytid. Ulike europeiske makter anla mange festningar på kysten av Ghana, fyrst ut var portugisarane i 1481 med Castelo de São Jorge da Mina, sidan kjend som Elmina-borga. Elmina ligg vel 150 kilometer vest for Accra, og var portugisaranes hovudsete i området fram til nederlendarane erobra det i 1637. [4]

På same tid var mykje av innlandet styrt av Ashanti-riket, som var ein av dei sterkaste afrikanske statane i tidleg nytid.

Britisk styre

I løpet av 1800-talet vart herredømet åt dei ulike europeiske landa samla hos britane, slik at dei styrte heile den sørlege, kystnære delen av landet. Ashanti var vanskelegare å ta kontroll over, men dei vart omsider annektert av britane i 1901. Ashantianes hovudstad Kumasi vart lagt i grus av britane alt i 1874.

Den britiske kolonien Gullkysten fekk sine notidige grenser fyrst i 1956, da britisk Togoland (grovt rekna området aust for Voltasjøen) vart formelt innlemma. Togoland, som òg bestod av notidas Togo, var koloni under Tyskland frå 1884, men den vestlege tredelen vart overteki av britane under fyrste verdskrigen. Resten, som er Togo i dag, låg under Frankrike frå krigen og fram til 1960.

Sjølvstende

Ghana vart uavhengig frå Storbritannia i 1957, og var dermed den aller fyrste europeiske kolonien i Afrika sør for Sahara som vart sjølvstendig. Kwame Nkrumah styrte landet fram til 1966, fyrst som statsminister, sidan som president, og i nokre år i 1960-åra var Ghana i union med Guinea og Mali. I 1966 vart Nkrumah avsett i eit militærkupp, og etter nok eit militærkupp i 1978 vart landet styrt av eit militærdiktatur. Sidan 1993 er Ghana igjen demokratisk, og er eit av dei mest politisk stabile og økonomisk utvikla landa i regionen.

Innbyggjarane

Det bur kring 75 folkeslag i Ghana. Dei aller fleste er små stammer; 65 folkeslag utgjer til saman berre kring ein prosent av innbyggjartalet. I sør er ashanti, anyi og fanti abron mellom dei største gruppene, med til saman kring 44 prosent. Gandangaene i og nær Accra utgjer kring åtte prosent, og ewe i aust kring 13 prosent. Bland større grupper i nord er dagari, dagomba, konkomba og mamprusi.

Det einaste offisielle språket er engelsk, ei arv frå kolonitida. Gur- og kwaspråk er utbredde som morsmål.

Drygt 70 % er kristne, nær 18 % muslimar og kring 5 % tilhøyrer tradisjonelle religionar. Men så mange som 38 % held på ein del element frå tradisjonell religion, og kombinerar det med kristendom eller islam. Særlig vil ein ofte oppleve slike element i overgangsritene, der kristene eller muslimske skikkar blandast med lokale tradisjonar.

Ghana og Noreg

Ghana har ein del felles historie med Noreg. Viktigast er sjølvsagt at Norge var underordna Danmark på same tid som danske slavehandlarar også anla festningar langsmed kysten av Ghana. Her vart slavar kjøpte inn frå dei kringliggande fyrstedøma, og så skipa over til øyene St. Croix, St. Thomas og St. Jan i Dansk Vestindia. Også nordmenn tok venteleg del i alle delar av denne prosessen. Viktigast mellom dei danske forta var Christiansborg (no Osu Castle i Accra), men danskane hadde på det meste fem andre fort på den såkalla «Nedenkysten», kysten frå Accra og austover til Volta-elva.

Ut frå kva som er kjent om utvandring til Nederland på 1600-tallet, og at nordmenn tok hyre i dei store oversjøiske selskapa frå Amsterdam og andre byer i Nederland, er det òg sannsynleg at det deltok norske sjøfolk i den nederlandske slavehandelen. Det nederlandske vestindiakompaniet tok fortet Elmina frå portugisarane i 1637, og frakta slavar herifrå til nordøst-Brasil, seinare til dei nederlandske øyene i Vestindia.

Den stabile økonomien har ført til at Ghana i mindre grad enn mange andre afrikanske land treng bistandsmidler, og norsk innsats i Ghana har i større grad fått gjennom næringslivssamarbeid. Selskapet Ghacem (Ghana Cement) vart skipa av regjeringa i 1967, i samarbeid med det norske selskapet Norcem. Etter at landet starta oljeproduksjon har Noreg vore inne med rådgjevarar. Ein konsekvens av det er at landet valde ein modell som likner den norske, der oljeselskapa må bidra til samfunnet med skattepengar, og desse midlane vert i stor grad nytta til fellesskapet sitt beste.

Per 2022 budde 2178 personar med bakgrunn frå Ghana i Noreg.

Noreg har ambassade i hovudstaden Accra, medan Ghana sin ambassade i København er sideakkreditert til Noreg.

Noter

Kjelder