Gjeilelie støl (Ustaoset): Forskjell mellom sideversjoner
(formatering, gjør også om innledningssetningen) |
(steinbu + kilde) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Geilolia støl (Ustaoset)|Stølen Geilolia]]''' låg i [[Hol kommune]]. | '''[[Geilolia støl (Ustaoset)|Stølen Geilolia]]''' låg på [[Ustaoset]] i [[Hol kommune]]. I dag (2012) finst restar etter ei steinbu i Geilolia. | ||
Eit skøyte frå 1771 syner at Eirik Knutson Verpe, Ustedalen, selde stølen Geilolia (Geilelie, Jeilelie) til Ola Hermoson søre Slettemoen i Moen.<ref>Reinton b3, s. 91</ref> Ola må ha seld stølen vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skiftet etter Lars i 1779, var Geilolie lista opp mellom stølane som høyrde til garden.<ref>Reinton b6, s. 294</ref> <ref>[http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20071104371307.jpg Panteregister for Hol anneks (Digitalarkivet)]</ref> I 1772 følgde ein Geilolie-støl garden nedre nordre Geilo då hovudbølet vart delt. Ola Knutson Geilo selde denne stølen eller stølsdelen til svogeren Lars Olson nedre Geilo ved skøyte i 1808. Truleg hadde Ola likevel att ein halvdel av han, for i 1809 ga han skøyte på stølen med febeite til Ola Olson nordre søre Kaupang.<ref>Reinton b7, s. 312-313</ref> Geilolia har sidan følgd søre Kaupang-gardane, som i 1863 vart slegne saman og kalla [[Vindegg (Hol)|Vindegg]]. Stølen vart nedlagt kring 1905.<ref>[http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi Seternamnarkivet], Universitetet i Oslo, 1934</ref> | |||
== Fotnotar == | == Fotnotar == |
Sideversjonen fra 11. jul. 2012 kl. 22:32
Stølen Geilolia låg på Ustaoset i Hol kommune. I dag (2012) finst restar etter ei steinbu i Geilolia.
Eit skøyte frå 1771 syner at Eirik Knutson Verpe, Ustedalen, selde stølen Geilolia (Geilelie, Jeilelie) til Ola Hermoson søre Slettemoen i Moen.[1] Ola må ha seld stølen vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skiftet etter Lars i 1779, var Geilolie lista opp mellom stølane som høyrde til garden.[2] [3] I 1772 følgde ein Geilolie-støl garden nedre nordre Geilo då hovudbølet vart delt. Ola Knutson Geilo selde denne stølen eller stølsdelen til svogeren Lars Olson nedre Geilo ved skøyte i 1808. Truleg hadde Ola likevel att ein halvdel av han, for i 1809 ga han skøyte på stølen med febeite til Ola Olson nordre søre Kaupang.[4] Geilolia har sidan følgd søre Kaupang-gardane, som i 1863 vart slegne saman og kalla Vindegg. Stølen vart nedlagt kring 1905.[5]
Fotnotar
- ↑ Reinton b3, s. 91
- ↑ Reinton b6, s. 294
- ↑ Panteregister for Hol anneks (Digitalarkivet)
- ↑ Reinton b7, s. 312-313
- ↑ Seternamnarkivet, Universitetet i Oslo, 1934
Kjelder
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3, 6 og 7.