Gjeilelie støl (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. jun. 2012 kl. 08:35 av Kallrustad (samtale | bidrag) (formatering, gjør også om innledningssetningen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stølen Geilolia låg i Hol kommune. Lia ned mot Ustevatnet vest for Ustaoset kallast Geilolia, og her har det truleg vore fleire stølar eller deling av buer mellom fleire gardar. Eit skøyte frå 1771 syner at Eirik Knutson Verpe, Ustedalen, selde stølen Geilolia (Geilelie, Jeilelie) til Ola Hermoson søre Slettemoen i Moen.[1] Ola må ha seld stølen vidare til Lars Asleson Vindegg (synste søre Kaupang, Kvisla), for ved skiftet etter Lars i 1779, var Geilolie lista opp mellom stølane som høyrde til garden.[2] I 1772 følgde ein Geilolie-støl garden nedre nordre Geilo då hovudbølet vart delt. Ola Knutson Geilo selde denne stølen eller stølsdelen til svogeren Lars Olson nedre Geilo ved skøyte i 1808. Truleg hadde Ola likevel att ein halvdel av han, for i 1809 ga han skøyte på stølen med febeite til Ola Olson nordre søre Kaupang.[3] Geilolia har sidan følgd søre Kaupang-gardane, som i 1863 vart slegne saman og kalla Vindegg. Stølen vart nedlagt kring 1905.[4]

Fotnotar

  1. Reinton b3, s. 91
  2. Reinton b6, s. 294
  3. Reinton b7, s. 312-313
  4. Seternamnarkivet, Universitetet i Oslo, 1934

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3, 6 og 7.