Grå trøndersau: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: <onlyinclude>'''Grå trøndersau''', noen gonger berre kalt ''trøndersau'' eller ''grå trønder'', er ein saurase av «crossbreed»-type og har halvlang spæl (hale). Ulla er ...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:
* Solbakken, Stine: [http://www.ta.no/nyheter/article2772687.ece «Sauebonden tjener 52 kroner i timen»] på Ta.no, publ. 15.05.2007
* Solbakken, Stine: [http://www.ta.no/nyheter/article2772687.ece «Sauebonden tjener 52 kroner i timen»] på Ta.no, publ. 15.05.2007


<!-- {{F1}} -->
{{F1}}
[[kategori:husdyrraser]]
[[kategori:husdyrraser]]
[[kategori:småfe]]
[[kategori:småfe]]

Sideversjonen fra 17. jun. 2011 kl. 13:27

Grå trøndersau, noen gonger berre kalt trøndersau eller grå trønder, er ein saurase av «crossbreed»-type og har halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augo. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vera ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England1700-talet — trulig ryeland.

Øya Tautra, der tautersauen kom frå, er markert i raudt.
Eit Ryeland-lam i Shropshire i England. Ryeland-sauene er trulig eitt av hovudopphava til trøndersauen.
Foto: Richard Webb

Kring 1900 veit vi at det fanst grå trøndersau fleire plassar kring Frosta og Stjørdalen. Nord-Trøndelag landbruksselskap oppretta alsstasjon i 1950-åra for å bevara rasen. I 1992 vart ei besetning berga frå slakting i Telemark, og den besetninga har fungert som bevaringsbesetning på garden til Ole-Hans Lien i Tessungdalen i Tinn Austbygd sidan den tid. Elles har det vorte funne ei større besetning på SmølaNordmøre og ymse mindre besetningar i Trøndelag. Kring 2010 finst det noen få hundre alsdyr. Sidan 2007 har Øya videregående skoleKvål i Melhus kommune vore vert for ei bevaringsbesetning av grå trøndersau.[1]

Fotnotar

  1. «Ny besetning for bevaring av trøndersau» på Skogoglandskap.no, publ. 16.02.2007.

Kjelder

Lenkjer

Raselag og alsgardar

Andre lenkjer