Grå trøndersau

Grå trøndersau på ValsøyaNordmøre.
Foto: Olve Utne

Grå trøndersau, noen gonger berre kalt trøndersau eller grå trønder, er ein sauerase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augo. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vera ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England1700-talet — trulig ryeland.

Øya Tautra, der tautersauen kom frå, er markert i raudt.
Eit Ryeland-lam i Shropshire i England. Ryeland-sauene er trulig eitt av hovudopphava til trøndersauen.
Foto: Richard Webb

Kring 1900 veit vi at det fanst grå trøndersau fleire plassar kring Frosta og Stjørdalen. Nord-Trøndelag landbruksselskap oppretta alsstasjon i 1950-åra for å bevara rasen. I 1992 vart ei besetning berga frå slakting i Telemark, og den besetninga har fungert som bevaringsbesetning på garden til Ole-Hans Lien i Tessungdalen i Tinn Austbygd sidan den tid. Elles har det vorte funne ei større besetning på SmølaNordmøre og ymse mindre besetningar i Trøndelag. Kring 2010 finst det noen få hundre alsdyr. Sidan 2007 har Øya videregående skoleKvål i Melhus kommune vore vert for ei bevaringsbesetning av grå trøndersau.[1]

Bildegalleri

Fotnotar

  1. «Ny besetning for bevaring av trøndersau» på Skogoglandskap.no, publ. 16.02.2007.

Kjelder

Lenkjer

Raselag og alsgardar

Andre lenkjer